Forskrift om vern av Einsetvågen/Nåsvatnet fuglefredingsområde, Eide kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-412
PublisertII 1988 s 271
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forEide kommune, Møre og Romsdal
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 14 og § 9 jf § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om fuglefredingsområde, Eide

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23 er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i eit område ved Eide i Eide kommune, Møre og Romsdal fylke, freda ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Einsetvågen/Nåsvatnet fuglefredingsområde.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr/bnr:

149/4, 5, 6, 7, 8; 150/11, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 18, 19, 20, 21; 151/1; 153/7, 13, 16; 154/10, 14, 16, 18, 19, 20; 155/4, 31; 157/1; 158/1; 163/1, 3; 164/13, 37, 42, 48.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på ca 1.465 dekar.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Eide kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med sitt livsmiljø, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For fuglefredingsområdet gjeld følgjande føresegner, jf likevel punkta V - VI:

1.Vegetasjon som er av verdi som livsmiljø for fuglar, er freda mot skade og øydelegging av ein kvar art, t.d. tangskjering og taretråling.
2.Fuglar, under dette også reir og egg, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødig forstyrring (jfr § 3 i viltlova). Jakt, fangst, bruk av skytevåpen og å sleppe laus hund er forbode i fuglefredingsområdet. Utsetjing av vilt er ikkje tillate. Elles gjeld viltlova sine føresegner og forskrifter.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva eller gjere fuglane sitt livsmiljø ringare, her under drenering og anna form for tørrlegging, uttak eller oppfylling av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel, samt lågtflyging under 300 m er forbode, jf pkt. V. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.

Bruk av seglbrett i ferskvassområda er forbode.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått, beiting og anna etablert jordbruksdrift i og inntil det freda området.
3.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
4.Vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner.
5.Sanking av bær og matsopp.
6.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til til ei kvar tid.
7.Bruk av motorbåt med motorstorleik inntil 4,5 hk i dei freda områda i Nåsvatnet. Bruk av motorbåt i Einsetvågen.
8.Motorferdsel til lands i næringsføremål.
9.Jakt på hjortedyr, rev og villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal. Fjerning av giftplantar.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket.
4.Kontrollert tynning/høgdereduksjon av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
5.Hogst av ved til eiga bruk.
6.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.