Forskrift om vern av Langvatnet naturreservat, Tingvoll kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-416
PublisertII 1988 s 278
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endretFOR-2012-08-06-833
Endrer
Gjelder forTingvoll kommune, Møre og Romsdal
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 8 jf § 10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Langvatnet naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra 6. aug 2012 nr. 833.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og § 21, § 22 og § 23 er eit våtmarksområde ved Langvatnet i Tingvoll kommune, Møre og Romsdal fylke, freda ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Langvatnet naturreservat.

II

Det freda området berører følgjande gnr./bnr.:

111/2, 8, 10, 14, 15, 16, 25, 40, 61, 117/3, 8, 10, 129/1, 130/1, 2, 3, 131/4, 7.

Reservatet dekkjer eit areal på ca. 506 dekar.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Tingvoll kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fredingsområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 6 aug 2012 nr. 833.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner, jf likevel punkta V - VI:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, medrekna hi, reir og egg er freda mot all form for skade, øydelegging og uturvande uroing, jf § 3 i viltlova. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode.

Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet.

Utsetjing av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, under dette oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.

Bruk av seglbrett er forbode.

Camping, teltslaging og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått, beiting og anna etablert jordbruksdrift i og inntil det freda området.
3.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
4.Vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner.
5.Sanking av bær og matsopp.
6.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
7.Motorferdsel til lands i næringsføremål.
8.Jakt på villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.
9.Vedlikehald av eksisterande teleliner/kablar.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket, fjerning av giftplantar.
4.Kontrollert tynning/høgdereduksjon av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
5.Hogst av ved til eige bruk.
6.Bygging av pumpehus og legging av leidningar for vassanlegg.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.