Forskrift om vern av Mellandsvågen naturreservat med tilgrensande dyrelivsfreding, Aure kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-420
PublisertII 1988 s 289
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forAure kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jf LOV-1970-06-19-63-§10og§14og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Aure

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret ved forskrifter 28 okt 1988 nr. 1190, 8 nov 2002 nr. 1255 (som gjengir forskriften på nytt), 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Reservatet vedkjem følgjande gnr./bnr.: 66/1,2,3,4,7,8, 67/1, 68/1,6.

Reservatet dekkjer eit areal på ca. 961 dekar, av dette ca. 520 dekar sjøareal. Arealet for dyrelivsfredinga dekkjer 12.161 dekar.

Grensene for reservatet og området med dyrelivsfreding går fram av kart i målestokk 1:5.000 og 1:20.000, datert Miljøverndepartementet oktober 2002. Karta og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Aure kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

§ 2.Formål

Formålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.

§ 3.Vernereglar

For reservatet gjeld følgjande reglar, jf. likevel § 4 og § 5:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt, medrekna hi, reir og egg er freda mot all form for skade, øydelegging og uturvande uroing, jf. § 3 i viltlova. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet. Utsetjing av vilt er ikkje tillate.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, under dette oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode. Bruk av seglbrett er forbode. Camping, teltslaging og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.For området med dyrelivsfreding gjeld følgjande forskrift, jf. § 4 pkt. 10 og § 5 pkt 1. Alle fugle- og pattedyrartar, også fuglereir, egg og ungar, er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått, beiting og anna etablert jordbruksdrift i eller inntil det freda området.
3.Uttak av sand til eige bruk.
4.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
5.Vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner.
6.Sanking av bær og matsopp.
7.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
8.Bruk av motorbåt.
9.Motorferdsel til lands i næringsføremål.
10.Jakt på villmink, hjortedyr, rev og hønsefugl i samsvar med viltlova med forskrifter.
11.Bruk av hund i samband med jakt.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket, fjerning av giftplantar.
4.Oppføring av gjerde m.m.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Skjøtsel

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

§ 8.Forvaltningsmynde

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsmynde etter denne forskrifta.

015 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).
§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks.