Forskrift om vern av Sandblåst/Gaustadvågen naturreservat, Fræna og Eide kommunar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-05-27-421
PublisertII 1988 s 291
Ikrafttredelse27.05.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forFræna og Eide kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Fræna og Eide

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23 er eit våtmarksområde Sandblåstvågen i Fræna kommune og Gaustadvågen i Eide kommune, Møre og Romsdal fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Sandblåst-Gaustadvågen naturreservat.

II

Det freda området berører følgjande gnr/bnr:

Fræna kommune:

82/1, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 12, 14, 19, 20;

Eide kommune:

119/2, 3, 4, 5, 7, 9, 11, 14, 15, 44, 61; 120/1, 2, 3; 121/2, 3, 4, 10, 11, 12, 13, 14, 16, 23, 25, 27, 29, 30, 32.

Reservatet dekkjer eit areal på ca 2.498 dekar, av dette ca 1.396 dekar sjøareal.

Grensene for reservatet og området med dyrelivsfreding går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Karta og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Fræna og Eide kommuner, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner, jf likevel punkta V - VI:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, medrekna hi, reir og egg er freda mot all form for skade, øydelegging og uturvande uroing, jf § 3 i viltlova. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode.

Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet.

Utsetjing av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, under dette oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode.

Bruk av seglbrett er forbode.

Camping, teltslaging og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

I tida frå og med 1. april til og med 31. august er ferdsel innafor ein nærare avgrensa del av reservatet forbode. Området med ferdselsforbod er oppmerka i terrenget og er også innteikna på kartet. Ferdselsforbodet gjeld likevel ikkje grunneigarar og deira næringsdrift.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsøyemed.
2.Slått, beiting og anna etablert jordbruksdrift i eller inntil det freda området.
3.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyresmakta er varsla.
4.Vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner.
5.Sanking av bær og matsopp når det ikkje kjem i konflikt med ferdselsforbodet.
6.Fiske etter det lovverk og dei forskrifter som gjeld til ei kvar tid.
7.Bruk av motorbåt utafor brua over Bjørnavikstraumen, samt fortsatt bruk av Grovavikleiva som fiskerihavn.
8.Motorferdsel i næringsføremål.
9.Jakt på hjortedyr, rev og villmink i samsvar med viltlova med forskrifter.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar.
2.Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplantar for skadeorganismer i jordbruket. Fjerning av giftplantar.
4.Kontrollert tynning/høgdereduksjon av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
5.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg, oppføring av gjerde m.m.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks. Samstundes blir Miljøverndepartementet sitt vedtak fra 25. mars 1986 om midlertidig vern oppheva.