Forskrift om jaktreglar for Indrehus sameige, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1988-09-09-735
PublisertII 1988 434
Ikrafttredelse10.09.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forIndrehus sameige, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§29
Kunngjort
KorttittelForskrift om jaktreglar, Bremanger

Med heimel i lov av 29. mai 1981, nr. 38 om viltet (viltlova), jamfør § 29, har Direktoratet for naturforvaltning 9. september 1988 ved forskrift fastsett fylgjande jaktreglar for Indrehus sameige i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane fylke.

§ 1.(omfang, område)

Jaktreglane gjeld alle jakt- og fangstrettar i Indrehus sameige tilhøyrande gnr. 44 i Bremanger kommune.

Når denne forskrifta trer i kraft, er gnr. 44 delt i 4 bruk, bnr. 1, 2, 3 og 4, med like store jaktrettar.

§ 2.(formål, målsetting)

Forvaltninga av jakt- og fangstrettane i sameiga skal ha fylgjande målsetting:

Gjennomføre planmessige vilttiltak for å auke jaktutbyttet og den økonomiske avkastninga av jakt- og fangstrettane i sameiga.

Jakta skal være ei sportsleg oppleving og det skal leggjast vekt på å få til eit godt sosialt miljø ved hjortejakta i samla jaktlag.

Utøve jakt og fangst på ein måte som tek rimelege omsyn til viltbestanden og som er i samsvar med god jegerskikk, humane jaktformer og dyrevernmessige omsyn.

Arbeide for at jaktreglane og viltlova vert respektert og syte for at brot på reglar og lovverk vert påtala og eventuelt meldt.

Arbeide for at jaktpotensialet i sameige vert rimeleg utnytta.

§ 3.(årsmøtet)

Årsmøtet er sett saman av heimelshavarane med jakt- og fangstrettar i sameiga med ei stemme for kvart bruk.

Leiaren for jaktstyret skal med minst 2 vekers varsel kalle inn heimelshavarane til årsmøte. Innkallinga skal vere skriftleg og innehalde tid, stad og forslag til sakliste for årsmøtet.

Årsmøtet avgjer om leiaren av jaktstyret skal vere møteleiar eller om denne skal veljast.

Vedtak i saker på saklista krev 3/4 fleirtal ved fyrste gongs handsaming. Vedtak i saker som ikkje er på saklista krev full semje ved fyrste gongs handsaming.

Ved andre gongs handsaming på saklista er ved like røystpartar møteleiarens stemme avgjerande.

Heimelshavarar med jakt- og fangstrettar i sameiga kan la seg representere med fullmektig. Eventuell fullmakt skal være skriftleg og gje opplysning om det skal haldast årsmøte kvart år eller annakvart år.

§ 4.(ekstraordinært årsmøte)

Leiaren for jaktstyret skal innkalle til ekstraordinært årsmøte når jaktstyret eller minst 2 av heimelshavarane krev det.

Jaktstyret fastset tid, stad og sakliste for ekstraordinært årsmøte. Innkallinga inkludert sakslista, skal vere skriftleg og med 2 vekers varsel. Berre saker på sakslista kan handsamast.

§ 5.(årsmøtet sine oppgåver)

Årsmøtet avgjer kven som skal vere møteleiar, jamfør § 3, 3. ledd. Forhandlingar og vedtak skal innførast i jaktstyret si møtebok. Årsmøtet skal:

1.Handsame innkalling, sakliste og skriftlege fullmakter.
2.Velje referent til møteboka. Møteboka skal underskrivast av alle brukseigarane.
3.Handsame dokument frå jaktstyret.
4.Fastsetja jaktstyre. Kvar av heimelshavarane peikar på årsmøtet ut eit medlem med personleg varamedlem.
5.Ta standpunkt til om årsmøtet skal velja leiar og nestleiar i jaktstyret, og eventuelt velje desse.
6.Handsame forslag til pålegg og fullmakter til jaktstyret.
7.Handsame andre saker som jaktstyret eller årsmøtedeltakarane ynskjer å ta opp.
§ 6.(jaktstyret)

Jakt- og fangstrettane i sameiga skal forvaltast av eit jaktstyre på 4 medlemmer samansett av årsmøtet, jamfør § 5 pkt. 4 og 5.

§ 7.(jaktstyret sine oppgåver)

Jaktstyret skal føre møtebok over forhandlingar og vedtak i styret.

Jaktstyret sine vedtak må ha tilslutning frå minst tre styremedlemmer for å vere gyldige.

Jaktstyret skal konstituere seg snarast etter årsmøtet og sjølv velge leiar og nestleiar for eit år om gongen dersom desse ikkje er valde av årsmøtet.

Jaktstyret skal innkallast når ein av medlemmene krev det.

Jaktstyret skal forvalte jakt- og fangstrettane i samsvar med viltlova, jaktreglane og fullmakter eller pålegg av årsmøtet.

Om det skulle oppstå usemje i jakta, skal styret snarast råd taka opp saka, og på beste måte prøve å kome til ei løysing.

Jaktstyret fører årleg statistikk over jaktutbyttet etter oppgåver frå dei som jaktar i sameiga.

Jaktstyret sitt arbeidsår er kalenderåret.

§ 8.(jakt og fangst av småvilt)

Så lenge det er full semje mellom heimelshavarane til jakt- og fangstrettar i sameiga, kan jakt og fangst av småvilt utførast av inntil to personar av gongen for kvart bruksnummer som har jaktrett i sameiga.

Dersom ein eller fleire av heimelshavarane krav det - og det ikkje er innført ei ordning med avgift eller sal av jaktkort for småvilt i sameiga - skal jakt og fangst berre kunne utførast av ein person om gongen for kvart bruksnummer med jakt- og fangstrett i sameiga, jamfør § 29, 5. ledd i viltlova.

Heimelshavarar som vil la personar utanom huslyden nytte sine rettar til jakt og fangst av småvilt, kan berre gje løyve til ein person om gongen. Løyvet skal vere skriftleg og lyde på namn.

Det er ikkje høve til å la personar utanom huslyden drive småviltjakt i den tida storviltjakta pågår.

Dersom det for sameiga vert innført ei ordning med årleg avgift eller jaktkortsal - og det eventuelt vert innført ei avgrensing - skal kvart bruksnummer med jakt- og fangstrettar ha høve til å kjøpe minst eit årskort som heimelshavaren sjølv kan disponere eller overdra til andre.

Dersom nokon av heimelshavarane lar personar utanom huslyden nytte sine rettar til jakt og fangst av småvilt slik at den totale utnytting av jakta for vedkommande bruk blir mykje større enn på dei andre bruka, kan jaktstyret fastsetja nærare reglar for småviltjakta, til dømes ved at løyve/utleige skal organiserast av jaktstyret.

Alle som driv jakt og fangst i sameiga skal gje oppgåve til jaktstyret over felt og fanga vilt og melde frå til jaktstyret om eventuell ulovleg jakt i sameiga.

§ 9.(gjennomføring av hjorteviltjakt)

Heimelshavar kan, forutan seg sjølv, la sine næraste som foreldre, born, syskjen og svigerborn vere med i jakta. Om andre jegerar skal med i jakta, må det fyrst godtakast av eit fleirtal i styret. Det kan ikkje stadig sendast nye og ukjende jegerar på jaktlaget.

Kvart bruk har rett til å sende 2 jegerar i jaktlaget kvar gong det vert jakta. Jaktstyret kan til ei kvar tid ta avgjer om nokon av bruka kan delta med fleire jegerar.

Ein brukseigar eller ein i huslyden som brukseigaren gjev løyve til, har høve til å jakte åleine på vest- og nordsida av Storelva, dei dagane det ikkje er gjort semje om jakting i jaktlaget.

Berre brukseigar, eller dei i jaktlaget som brukseigar gjev løyve til, kan felle dyr på eiga slåttemark.

Det skal leggjast vekt på å jakta i eit samla jaktlag.

Det skal leggjast vekt på å skyte skadedyr som beitar på slåttemark og kulturbeite.

Formannen i jaktstyret syter for betaling av fellingsløyve når kvar brukseigar har innbetalt til formannen sin part, seinast 1 månad før jakta tek til.

§ 10.(utleige av hjorteviltjakta)

Årsmøtet kan gjere vedtak om utleige av hjorteviltjakta.

Den enkelte brukseigar har rett til å leige ut sin rett til hjorteviltjakt med dei rettar og plikter som reglane medfører. Brukseigar har ved utleige av sin rett ikkje sjølv rett til hjorteviltjakt i sameiga. Slike leigeavtaler bør vere på minst 5 år. Ein slik leigeavtale skal leggjast fram for jaktstyret til uttaling.

Utleigeavtaler som ikke er i samsvar med leddet framfor, må fyrst godtakast av eit fleirtal i styret.

§ 11.(utbyttedeling av hjorteviltjakt)

Eigarane av dei 4 bruka har rett til halve dyret. Den andre halva skal delast på jegerane som er med den dagen dyret vert felt.

Om ein jeger på jakt åleine feller dyr, jamfør § 9, 3. ledd, skal dyret delast likt på dei fire bruka.

Om ein jeger åleine skyt dyr på slåttemark, jamfør § 9, 4. ledd, har jegeren rett til 1/6 av dyret. Resten av dyret skal delast likt på dei fire bruka.

Den som feller dyret har rett til skinn, horn og hovud.

Dersom det er full semje i årsmøtet kan utbyttet delast annleis.

Jaktstyret kan ved full semje dele jegerparten på annan måte.

§ 12.(iverksetjing, og straffereglar)

Denne forskrifta trer i kraft 10. september 1988.

Det kan medføre straff, inndraging og nekting av å drive jakt og fangst i sameiga dersom § 56 i jaktlova vert broten.