Forskrift om freding av Lytingsdalen naturreservat, Nissedal kommune, Telemark. 

DatoFOR-1989-02-24-123
PublisertII 1989 59
Ikrafttredelse24.02.1989
Sist endret
Endrer
Gjelder forLytingsdalen naturreservat, Nissedal kommune, Telemark.
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 8 jf § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Lytingsdalen naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 24. februar 1989. Fremmet av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit skog- og heiområde i Lytingsdalen i Nissedal kommune, Telemark fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 24. februar 1989 med namnet Lytingsdalen naturreservat.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr/bnr: 23/1, 23/4 og 6, 23/7, 23/9, 24/1 og 24/3.

Reservatet dekkjer eit areal på ca 9575 daa, av dette er ca 300 daa vassareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:10.000, datert Miljøverndepartementet januar 1989. Kartet og fredningsreglane vert oppbevarde i Nissedal kommune, hjå fylkesmannen i Telemark, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal oppmerkjast i marka etter nærare rettleiing frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit større, relativt urørt skogs- og heiområde med tilhøyrande plante- og dyreliv som eit representativt område for høgareliggjande strøk av forfjellregionen med nordleg boareal vegetasjon, undertype Øvre Setesdals og Telemarks skogsområde. Området har særskilt vitskapleg og pedagogisk verdi.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, herunder døde buskar og tre, er freda mot skade og øydeleggjing unnateke det som følgjer av tillaten ferdsle eller tiltak i medhald av punkt V-VII.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye plante- og dyrearter må ikkje innførast.

2.For viltet gjeld reglar og føresegner i viltlova.
3.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan endre naturmiljøet, så som oppsetjing av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av luftleidningar og jordkablar, byggjing av vegar, drenering og anna form for tørrleggjing, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, bortleggjing av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske sprøytemiddel.

Opplistinga er ikkje uttømmande.

4.Motorisert ferdsle er forbode.
5.Organisert idrettsutøving er forbode.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsaugemed.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Beiting, jakt og fiske etter gjeldande reglar.
4.Regulering av Lytingsvatn etter gjeldande reguleringsreglar.
5.Vedlikehald, men ikkje utviding av eksisterande hytter og seterbuer (23/1 og 23/7), transport av materialar, hogst av ved til brensel og rydding av ca 2 daa setervoll rundt kvar av dei to hyttene.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta peikar ut, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka, herunder tiltak som nemnde i punkt V, 5.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsreglane når føremålet med fredinga krev det, for vitskaplege undersøkingar, tiltak av vesentleg samfunnsmessig verdi og i spesielle høve, dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

VIII

Forvaltninga av fredningsreglane er lagt til fylkesmannen i Telemark.

IX

Forskrifta trer i kraft straks.