Forskrift om vern av Hydalen landskapsvernområde, Hemsedal kommune, Buskerud.

DatoFOR-1989-02-24-124
PublisertII 1989 61
Ikrafttredelse24.02.1989
Sist endret
Endrer
Gjelder forHydalen landskapsvernområde, Hemsedal kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jf LOV-1970-06-19-63-§6og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om landskapsvernområde, Hemsedal

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 24. februar 1989. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 5, jf § 6 og § 21, § 22 og § 23, er Hydalen i Hemsedal kommune, Buskerud fylke verna ved kgl.res. av 24. februar 1989 under namnet Hydalen landskapsvernområde.

II

Det verna området omfattar deler av Sør-Hydalen sameige, Nord-Hydalen sameige og Vabuleino sameige, og deler av gnr/bnr: 71/1, 71/2 71/4, 71/5, 71/6, 71/11, 71/13, 71/14, 71/15, 78/1 78/2, 78/4, 78/5, 78/6, 78/7, 78/8, 78/9, 78/10, 78/11, 78/12, 78/13, 78/14, 82/1 og 2, 82/8, 82/11, 82/16, 82/37, 82/38, 82/48, 82/55, 82/62, 82/72, 82/74, 83/1, 83/2, 83/3, 82/31, 83/51 og 85/1.

Landskapsvernområdet dekker eit areal på ca 34 km².

Grensene framgår av kart i målestokk 1:50.000 datert Miljøverndepartementet, januar 1989.

Kartet og vernereglane vert oppbevarde i Hemsedal kommune, hjå fylkesmannen i Buskerud, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene skal avmerkast i marka etter nærare tilvising frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med landskapsvernområdet er å ta vare på eit aust-norsk seterdalføre med eit storslått naturlandskap som har uvanleg fin veksling i topografi og planteliv; og å ta vare på eit karakteristisk kulturlandskap.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Alle inngrep som vesentleg kan endre landskapet sin art eller karakter er forbodne. Døme på slike inngrep er drenering, bruk av kjemiske midlar, uttalk eller utfylling av masse, bygging av vegar, fremføring av luftleidningar, oppføring av bygningar, anlegg eller andre innretningar.

Opplistinga er ikkje utfyllande. Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak må reknast å endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

2.Nye treslag må ikkje innførast, nyplanting må heller ikkje finne stad.
3.Plassering av campingvogner er ikkje tillate.
4.For dyrelivet gjeld viltlova og forskrifter gjevne i medhald av denne.

V

Reglane gjevne i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, tryggings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsaugemed.
2.Jordbruksdrift på eksisterande jordbruksareal, etter høvelege metodar, herunder gjødsling med kunstgjødsel og naturgjødsel.
3.Hogst av ved til eige bruk.
4.Vedlikehald av Hydalsvegen i samsvar med godkjend skjøtselsplan.
5.Uttak av masse til vedlikehald av Hydalsvegen, på stader tilvist av forvaltningsstyresmakta.
6.Manuell eller motormanuell rydding av setervollar.
7.Vanleg vedlikehald av eksisterande bygningar, i samsvar med godkjend skjøtselsplan.
8.Beiting.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan gje løyve til:

1.Nydyrking, eller rydding for å betre beite, etter retningsliner gjevne i godkjend skjøtselsplan.
2.Uttak av skogsvirke til sal.
3.Anlegg av nødvendig traktorveg til landbruksføremål.
4.Utbetring av Hydalsvegen, i samsvar med godkjend skjøtselsplan.
5.Fjerning av gamle steingjerde og oppføring av nye permanente gjerde dersom det er nødvendig av omsyn til landbruksdrifta.
6.Oppføring av nybygg som er nødvendige for landbruksdrifta etter retningsliner gjevne i godkjend skjøtselsplan.
7.Restaurering av eksisterande bygningar etter retningsliner gjevne i godkjend skjøtselsplan.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremme verneføremålet. Det skal utarbeidast skjøtselsplan med nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltak, og med utdjuping og konkretisering av verneforskrifta og forvaltninga av området. Skjøtselsplanen skal godkjennast av fylkesmannen i Buskerud.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå denne forskrifta for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig betydning og i særskilde tilfelle dersom det ikkje er til skade for verneføremålet.

IX

Forvaltninga av vernereglane er lagt til fylkesmannen i Buskerud.

Det skal nemnast opp eit rådgjevande utval for verneområdet med følgjande samansetning:

Ein representant for Sør-Hydalen sameige,

ein representant for Nord-Hydalen sameige,

ein representant for Buskerud natur- og miljøvernforening,

ein representant for landbruksetaten i Hemsedal,

ein representant for fylkeskonservatoren i Buskerud. 

Fylkesmannen i Buskerud er sekretariat for utvalet.

Medlemmer til utvalet med varamedlemer vert oppnemnde av fylkesmannen etter innhenta forslag frå grunneigarane og berørde styresmakter og lag.

Medlemmer til utvalet vert oppnemnde for fire år om gongen.

X

Denne verneforskrifta trer i kraft straks.