Forskrift vedrørende motorferdsel i utmark, Sør-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-1989-06-29-600
PublisertII 1989 181
Ikrafttredelse29.06.1989
Sist endret
Endrer
Gjelder forSør-Fron kommune, Oppland
HjemmelLOV-1977-06-10-82
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsel, Sør-Fron

Vedteke av Sør-Fron kommunestyre 29. juni 1989 i medhald av lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag.

§ 1.Kommunal forskrift for bruk av motorfarty (båtar)

I flg. § 3 motorferdsellova er det eit generelt forbod mot bruk av motorfarty i utmark og vassdrag med mindre anna er fastsett i kommunal forskrift.

I medhald av § 4 i motorferdsellova, tredje ledd, andre punktum, set kommunen forbod mot ferdsel med motorfarty på innsjøar og vassdrag i kommunen. Dette forbodet gjeld ikkje for bruk av elektrisk motor.

Unnateke frå dette forbodet er bruk av båt med motor inntil 7 hk ved ervervsmessig fiske i Golåvatnet, Espedalsvatnet og all slags fiske i Vinstervatna (Øyvatnet, Kaldfjorden, Buvatnet, Inbudsvatnet og Nordre Sandvatnet) og Lågen.

Ut over dette har kommunen mynde til å gje løyve etter § 6 i motorferdsellova ved særlege unntak.

§ 2.Kommunal forskrift for bruk av luftfarty (Fly, helikopter, motoriserte hangglidere m.m.)

I flg. § 3 i motorferdsellova er det eit generelt forbod mot bruk av luftfarty i utmark og vassdrag med mindre anna er fastsett i kommunal forskrift.

Ut over dette har kommunen mynde til å gje løyve etter § 6 i motorferdsellova ved særlege unntak. 

Bruken av motoriserte køyrety

Bruken av motoriserte køyrety på snødekt- og bar mark er regulert gjennom motorferdsellova og dei nasjonale forskriftene. 

Dispensasjonsmynde

Kommunestyret sitt mynde til å gje løyve til motorisert ferdsel blir delegert til hovudutvalet for kultur og fritid.

Når ei rask handsaming av kurante enkeltløyvingar er naudsynt, kan kultursekretæren avgjera desse. 

Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks. Tidlegare forskrift av 27. januar 1978 held samstundes opp å gjelde.