Forskrift om vern av Møsvasstangen landskapsvernområde med fuglelivsfreding, Vinje kommune, Telemark.

DatoFOR-1989-10-13-1070
PublisertII 1989 409
Ikrafttredelse13.10.1989
Sist endret
Endrer
Gjelder forMøsvasstangen landskapsvernområde med fuglelivsfreding, Vinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jf. LOV-1970-06-19-63-§6og§7og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om landskapsvernområde, Vinje

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 13. oktober 1989. Fremmet av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 5, jf §§ 6 og 7 og §§ 21, 22 og 23, er eit område på Møsvasstangen i Vinje kommune, Telemark fylke, verna som landskapsvernområde ved kgl.res. av 13. oktober 1989 med namnet Møsvasstangen landskapsvernområde. Etter § 14 andre ledd i same lov er fuglelivet særskilt freda.

II

Verneområdet omfatter følgjande gnr/bnr:

157/3 og 4, 158/2, 158/11, 159/1, 2 og 3, 160/1, 160/4, 160/10, 11 og 12.

Det arealet som er verna er omlag 14.360 dekar. Av dette er omlag 2.025 dekar vassareal.

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:20.000, datert Miljøverndepartementet oktober 1987. Kartet med vernereglane blir oppbevarde i Vinje kommune, hjå Fylkesmannen i Telemark, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkjast opp etter nærare tilvising frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med landskapsvernområdet og fuglelivsfredinga er å ta vare på eit vakkert, eigenarta og lite påverka naturlandskap med interessante avsetnader frå siste istid, fint utforma strengmyrer, rikt og sjeldsynt fugleliv og rike førekomster av kulturminne frå jernvinna.

IV

For verneområdet gjeld følgjande reglar:

1.Området skal vera verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter, slik som t.d. vegbygging, uttak eller oppfylling av masse, uttak av torv, bergverksdrift og andre inngrep i grunnen, bygging av kraft- og telefonleidningar, damanlegg, taugbaner og skitrekk, opplag av campingvogner, grøfting, skifte av treslag, nydyrking, oppføring og større ombygging av bygningar og anlegg, og bortlegging av avfall, gjødsling, bruk av kjemiske middel og utslipp av forureining av alle slag. Opplistinga er ikkje uttømande.

Det er fylkesmannen som i tvilstilfelle avgjer om eit tiltak vesentleg vil endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter.

2.Fuglar og deira reir og egg er freda mot skade og uroing.

Jakt og fangst på fuglar er forbode.

Det er bandtvang for hund i tida 1. april til 30. september.

3.Organisera idrettsutøving og turisme, teltslåing og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode i tida 1. april til 30. september.
4.I tida 1. mai til 31. juli er motorferdsel i landskapsvernområdet forbode.

Lågtflyging under 300 m er forbode i same tidsrom.

Elles gjeld lov om motorferdsel i utmark og på vassdrag med føresegner og løyve. Likevel skal motorferdsel gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av kommunen i samråd med forvaltningsstyresmakta.

All motorferdsel skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår skjemmande markskader, hjulspor o.l.

5.I tida 15. mai til 15. juli er all ferdsel i landskapsvernområdet utanom faste stier forbode for andre enn grunneigarar og fastbuande på Møsvasstangen og hytteeigarar/leigarar i landskapsvernområdet.
6.Departementet kan fastsetja ytterlegare reglar om regulering av ferdsel dersom dette viser seg naudsynt for å oppfylle føremålet med vernet.

V

Reglane i punkt IV skal ikkje vere til hinder for:

1.Beiting, vedlikehald av eksisterande jordbruksbygningar, og drift av setervollar, utslåttar og dyrka jord.
2.Hogst av ved. Hogsten kan skje som småflatehogst opp til 2 dekar. Likevel skal særmerkte og dekorative tre ikkje hoggast.
3.Naudsynt motorferdsel i jordbruks- og skogbruksnæring.
4.Jakt/fangst på rype, i samsvar med viltlova med føresegner.
5.Bruk av hund til gjeting og tillate jakt. Hunden må vere under kontroll.
6.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i post-, tele- og kraftsamband, ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.

VI

Når særlege grunnar talar for det, kan forvaltningsstyresmakta gje løyve til:

1.Tiltak i samband med landbruk så som oppdyrking, oppføring og større ombygging av bygningar, anlegg av jordbruksveg o.l.
2.Større ombygging av eksisterande hytter og fritidshusvære.
3.Motorferdsel og lågflyging for Forsvaret i tidsrommet med ferdselsforbod.
4.Tiltak i samband med fiskestell og fiskekultur som går inn under reglane i pkt IV.

Det kan setjast vilkår for løyve.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta peikar ut, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremja føremålet med landskapsvernområdet og fuglelivsfredinga. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, for vitskapelege undersøkingar, tiltak av vesentleg verdi for samfunnet og i spesielle høve, dersom det ikkje strir mot føremålet mot vernet.

IX

Søknader om Forsvaret sin lågflyging, jf pkt VI 3, skal handsamast av Miljøverndepartementet. Elles er forvaltninga av vernereglane lagt til Fylkesmannen i Telemark.

For å sikre god kontakt mellom fylkesmannen og lokale interesser skal kommunestyret oppnevne eit kontaktutval på 5 medlemmer med varamedlemmer. Utvalet kan følgje med i utviklinga i området, gje fylkesmannen råd og uttale seg i saker som gjeld forvaltninga av vernereglane.

Fylkesmannen skal fastsette nærare retningsliner for utvalets verksemd.

X

Desse reglane trer i kraft straks.