Forskrift om freding av Risheimøyi naturreservat, Skjåk og Lom kommunar, Oppland.

DatoFOR-1990-10-12-830
PublisertII 1990 323
Ikrafttredelse12.10.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forRisheimøyi naturreservat, Skjåk og Lom kommuner, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-22og23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Skjåk og Lom

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990. Fremja av Miljøverndepartementet. 

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22, og 23, er eit våtmarksområde i Ottavatnet ved Risheimøyi i Skjåk og Lom kommunar, Oppland fylke, freda ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990 under namnet Risheimøyi naturreservat.

II

Det freda området gjeld følgjande gnr./bnr.:

Skjåk kommune: 1/1, 1/2, 1/3, 2/1, 2/2, 3/1, 4/1, 4/2, 74/1, 75/1, 77/1, 77/2, 78/1, 78/5, 79/1, 80/1, 81/1, 82/1, 82/2.

Lom kommune: 74/1, 74/4, 74/7, 75/1, 75/2, 75/3, 76/1, 77/1, 77/2.

Reservatet dekkjer eit areal på ca. 2.248 dekar, og av dette er ca. 139 dekar landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målstokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Kartet og fredingsføresegnene finst i Skjåk og Lom kommunar, hos fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å bevare eit viktig våtmarksområde med vegetasjon, fugleliv og anna dyreliv som naturleg er knytta til området, særleg av omsyn til trekkande vassfugl.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner (jfr. pkt. V og VI):

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, til dette høyrer hia, reira og egga deira, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødvendige forstyrringar, jfr. viltlovas § 3. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen og slepp av hund er forbudt.

Utsetting av vilt er ikkje tillatt.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, bortlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.I den isfrie delen av året er motorisert ferdsel på vatn og lågtflyging under 800 fot, forbudt, (under dette høyrer også bruk av modellbåtar og modellfly).

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsaugnemed.
2.tradisjonell slått og beiting.
3.vedlikehald av tidlegare opptekne grøfteavlaup som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal.
4.vedlikehald og oppføring av gjerde.
5.fiske etter det til einkvar tid gjeldande lovverk og forskrifter gjevne i medhald av dette.
6.bruk av motorbåt når farten er under 5 knop og det blir synt spesiell aktsemd overfor fuglelivet.

VI

Forvaltningsmakta kan gje løyve til:

1.felling av vilt som er årsak til vesentleg skade, i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.
2.etablering av nye grøfteavlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.bygging av pumpehus og legging av leidningar for vatningsanlegg.
4.utfylling av åkerstein på tilviste steinfyllingar.

VII

Forvaltningsmakta, eller den forvaltningsmakta bestemmer, kan gjennomføre skjøtseltiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselplan, som skal innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsmakta kan gjere unntak frå fredningsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg og samfunnsmessig vekt og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredningsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene tek til å gjelde straks.