Forskrift om freding av Smådalsvatni naturreservat, Lom kommune, Oppland.

DatoFOR-1990-10-12-831
PublisertII 1990 325
Ikrafttredelse12.10.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forSmådalsvatni naturreservat, Lom kommune, Oppland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Lom

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990. Fremja av Miljøverndepartementet. 

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Smådalsvatni i Lom kommune Oppland fylke, freda som naturreservat ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990 under namnet Smådalsvatni naturreservat.

II

Det freda området gjeld gnr./bnr. 35/1.

Reservatet dekkjer eit areal på ca. 5.950 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av flybilete i målestokk ca. 1:10.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Flybiletet og fredingsføresegnene finst i Lom kommune, hos fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka der dei går over land og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å bevare eit viktig våtmarksområde og eit spesielt rikt myrområde med vegetasjon, fugleliv og anna dyreliv som naturleg er knytta til området, særleg av omsyn til hekkande vassfugl og ein rik og variert vegetasjon og flora.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner (jfr. likevel punkta V og VI):

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, til dette høyrer hia, reira og egga deira er freda mot all form for skade, øydelegging og unødvendige forstyrringar jfr. viltlovas § 3. Jakt, fangst, bruk av skytevåpen og slepp av hund er forbudt.

Utsetting av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne forholda, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, bortlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel på vatn og på land og lågtflyging under 800 fot over reservatet, er forbudt, (under dette høyrer også bruk av modellbåtar og modellfly).

Bruk av robåt, kano eller tilsvarande framkomstmiddel er forbudt.

Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbudt.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsel- og forvaltningsaugnemed.
2.tradisjonell slått og beiting, til dette høyrer nødvendig bruk av gjetarhund.
3.sanking av bær og matsopp.
4.fiske etter det til einkvar tid gjeldande lovverk og forskrifter gjevne i medhald av dette.
5.bruk av robåt, kano eller tilsvarande framkomstmiddel for grunneigar i samband med fiske.
6.telting utanom perioden f.o.m. 15. april t.o.m. 14. juli.
7.motorisert ferdsel på frosen og snødekka mark etter lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag og kommunale forskrifter gjevne i medhald av dette.
8.jakt på hjortedyr, hønsefugl og hare i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.
9.bruk av hund under kontroll i samband med utøving av lovleg jakt.
10.vedlikehald av eksisterande bygningar.

VI

Forvaltningsmakta kan gje løyve til felling av vilt som er årsak til vesentleg skade, i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.

VII

Forvaltningsmakta, eller den forvaltningsmakta bestemmer, kan gjennomføre skjøtseltiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselplan, som skal innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtseltiltaka.

VIII

Forvaltningsmakta kan gjere unntak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig vekt og i andre særlege tilfelle, når desse ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene tek til å gjelde straks.