Forskrift om freding av Åsjo naturreservat, Lom kommune, Oppland.

DatoFOR-1990-10-12-832
PublisertII 1990 327
Ikrafttredelse12.10.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅsjo naturreservat, Lom kommune, Oppland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Lom

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990. Fremja av Miljøverndepartementet. 

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Åsjo i Lom kommune Oppland fylke, freda som naturreservat ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990 under namnet Åsjo naturreservat.

II

Det freda området gjeld følgjande gnr./bnr. 35/1, 36/1, 36/4, 37/1.

Reservatet dekkjer eit areal på ca. 148 dekar, av dette er ca. 70 dekar landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Kartet og fredingsføresegnene finst i Lom kommune, hos fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka der dei går over land og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å bevare eit viktig våtmarksområde med vegetasjon, fugleliv og anna dyreliv som naturleg er knytta til området, særleg av omsyn til hekkande riksefuglar.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner (jfr. likevel punkta V og VI):

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, til dette høyrer hia, reira og egga deira, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødvendige forstyrringar jfr. viltlovas § 3. Jakt, fangst, bruk av skytevåpen og slepp av hund er forbudt.

Utsetting av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, bortlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel på vatn og på land og lågtflyging under 800 fot over reservatet, er forbudt, (under dette høyrer også bruk av modellbåtar og modellfly).

Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbudt.

I tida f.o.m. 15. april t.o.m. 30. juni er all ferdsel i reservatet forbudt.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsel- og forvaltningsaugnemed.
2.tradisjonell slått og beiting, til dette høyrer nødvendig bruk av gjetarhund.
3.vedlikehald av tidlegare opptekne grøfteavlaup som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltningsmakta er varsla.
4.vedlikehald av eksisterande kraftliner.
5.sanking av bær og matsopp (utanom periodar med ferdselsforbud).
6.fiske etter det til einkvar tid gjeldande lovverk og forskrifter gjevne i medhald av dette.
7.Ferdsel av grunneigarane og dei med bruksrettar i samband med næringsverksemd.
8.vedlikehald og oppføring av gjerde.

VI

Forvaltningsmakta kan gje løyve til

1.felling av vilt som er årsak til vesentleg skade, i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.
2.etablering av nye grøfteavlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.kontrollert uttynning/høgdereduksjon av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
5.bygging av pumpehus og legging av leidningar for vatningsanlegg,
6.utfylling av åkerstein på tilviste steinfyllingar.

VII

Forvaltningsmakta, eller den forvaltningsmakta bestemmer, kan gjennomføre skjøtseltiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselplan, som skal innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtseltiltaka.

VIII

Forvaltningsmakta kan gjere unntak fra fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig vekt og i andre særlege tilfelle, når desse ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene tek til å gjelde straks.