Forskrift om freding av Hundorp naturreservat, Sør-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-1990-10-12-834
PublisertII 1990 331
Ikrafttredelse12.10.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forHundorp naturreservat, Sør-Fron kommune, Oppland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Sør-Fron

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22, og 23, er er eit våtmarksområde i Gudbrandsdalslågen, Olstadtjønn og deler av Grafferdammen ved Hundorp i Sør-Fron kommune, Oppland fylke freda ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990 under namnet Hundorp naturreservat.

II

Det freda området gjeld følgjande gnr./bnr.: 16/1, 16/11, 17/1, 19/2, 19/8, 20/3, 21/3, 22/20, 22/21, 68/2, 68/13, 69/1, 69,8, 77/1, 77/2, 77/4, 77/5, 78/2, 79/1, 79/2, 80/1, 81/4, 81/6, 81/18, 81/62, 81/104.

Reservatet dekkjer eit areal på ca. 1605 dekar, og av dette er ca. 140 dekar landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målstokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Kartet og fredingsføresegnene finst i Sør-Fron kommune, hos fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å bevare eit stort og variert våtmarksområde med vegetasjon, fugleliv og anna dyreliv som naturleg er knytta til området, særleg av omsyn til trekkande vassfugl.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner (jfr. pkt. V og VI):

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, til dette høyrer hia, reira og egga deira, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødvendige forstyrringar, jfr viltlovas § 3. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen og slepp av hund er forbudt.

Utsetting av vilt er ikkje tillatt.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innredningar, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, bortlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.I den isfrie delen av året er motorisert ferdsel på vatn, og lågtflyging under 800 fot forbudt, under dette høyrer også bruk av modellbåtar og modellfly.

Bruk av robåt, kano og tilsvarande framkomstmiddel på Olstadtjønnet og Grafferdammen er forbudt for andre enn grunneigarar, dei med bruksrettar og dei som følgjer eller utfører nødvendige tenester på vegne av desse.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsaugnemed.
2.tradisjonell slått og beiting, til dette høyrer nødvendig bruk av gjetarhund.
3.vedlikehald av tidlegare opptekne grøfteavlaup som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltningsmakta er varsla.
4.vedlikehald og oppsetting av gjerde.
5.vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner.
6.fiske etter det til einkvar tid gjeldande lovverk og forskrifter gjevne i medhald av dette.
7.bruk av motorbåt på Lågen så framt farten er under 5 knop og det blir synt spesiell aktsemd overfor fuglelivet.

VI

Forvaltningsmakta kan gje løyve til:

1.felling av vilt som er årsak til vesentleg skade, i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.
2.rydding av vegetasjon m.m. i samsvar med godkjend skjøtselplan, eller når føremålet med fredinga krev det.
3.etablering av nye grøfteavlaup for drenering av tilgrensande areal.
4.bygging av pumpehus og legging av leidningar for vatningsanlegg.
5.mindre uttak av masse til grunneigaranes eige bruk.

VII

Forvaltningsmakta, eller den forvaltningsmakta bestemmer, kan gjennomføre skjøtseltiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselplan, som skal innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtseltiltaka.

VIII

Forvaltningsmakta kan gjere unntak fra fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig vekt og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene tek til å gjelde straks.