Forskrift om freding av Lomendeltaet fuglefredingsområde, Vestre Slidre og Vang kommuner, Oppland.

DatoFOR-1990-10-12-848
PublisertII 1990 363
Ikrafttredelse12.10.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forLomendeltaet fuglefredingsområde, Vestre Slidre og Vang kommuner, Oppland.
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 14 og § 9 jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Lomendeltaet fuglefredingsområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jfr. § 10 og §§ 21, 22, og 23, er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø ved Lomendeltaet i Vestre Slidre og Vang kommunar, Oppland fylke, freda ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990 under namnet Lomendeltaet fuglefredingsområde.

II

Det freda området gjeld følgjande gnr./bnr.:

Vestre Slidre kommune: 8/3, 9/3, 9/5, 9/12, 10/2,11, 10/5, 10/7, 11/4, 11/11, 11/14, 11/18, 12/2, 12/6, 27/1, 27/3, 27/4, 27/6, 28/1, 28/2.

Vang kommune: 108/2, 108/4, 109/1, 109/2, 109/5, 109/6,9.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på ca. 947 dekar, hvorav ca. 117 dekar er landareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Kartet og fredingsføresegnene finst i Vestre Slidre og Vang kommunar, hos fylkesmannen i Oppland og i Miljøverndepartementet

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal merkjast av i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å bevare det rike fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i området, særleg av omsyn til trekkande vassfugl.

IV

For fuglefredingsområdet gjeld følgjande føresegner (jfr. pkt. V og VI):

1.Vegetasjon som er viktig for fuglane sitt livsmiljø, er freda mot all skade og øydelegging.
2.Fuglar, til dette høyrer reira og egga deira, er freda mot all for for skade, øydelegging og unødvendige forstyrringar (jfr. viltlovas § 3). All jakt, fangst, bruk av skytevåpen og slepp av hund er forbudt i fuglefredingsområdet. Utsetting av vilt er ikkje tillate. Elles gjeld viltlovas føresegner og forskrifter.
3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva eller gjere ringare fuglane sitt livsmiljø, som t.d. drenering og anna form for tørrlegging, uttak eller oppfylling av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, bortlegging av avfall og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.I tida f.o.m. 15. april t.o.m. 19 mai er all fersel på tørrlagte mudderbankområde og motorisert ferdsel på land og på vatn, og lågtflyging under 800 fot, forbudt, under dette høyrer også bruk av modellbåtar og modellfly samt brettseiling.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsaugnemed.
2.tradisjonell slått og beiting, til dette høyrer nødvendig bruk av gjetarhund.
3.vedlikehald av tidlegare opptekne grøfteavlaup som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltningsmakta er varsla.
4.vedlikehald og oppføring av gjerde.
5.vedlikehald av eksisterande bygningar og veg.
6.fiske etter det til einkvar tid gjeldande lovverk og forskrifter gjevne i medhald av dette.
7.ferdsel av grunneigarane og dei med bruksrettar i samband med næringsverksemd.
8.tømmerfløyting.

VI

Forvaltningsmakta kan gje løyve til:

1.felling av vilt som er årsak til vesentleg skade, i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.
2.etablering av nye grøfteavlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.bygging av pumpehus og legging av leidningar for vatningsanlegg.
4.hogging av ved og tømmer i samsvar med godkjend skjøtselplan, eller når føremålet med fredinga krev det.
5.uttak av masse i samsvar med godkjend plan.

VII

Forvaltningsmakta, eller den forvaltningsmakta bestemmer, kan gjennomføre skjøtseltiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast skjøtselplan, som skal innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtseltiltaka.

VIII

Forvaltningsmakta kan gjere unntak fra fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig vekt og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene tek til å gjelde straks.