Forskrift om freding av Øynad'n naturreservat, Vestre Slidre kommune, Oppland.

DatoFOR-1990-10-12-849
PublisertII 1990 365
Ikrafttredelse12.10.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forØynad'n naturreservat, Vestre Slidre kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Vestre Slidre

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 12. oktober 1990. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Øynad'n og Grunke i Vestre Slidre og Vang kommunar, Oppland fylke, freda som naturreservat ved Kronprinsreg. res. av 12. oktober 1990 under namnet Øynad'n naturreservat.

II

Det freda området gjeld følgjande eigedomar:

Vestre Slidre kommune:

Nordre Grunke Sameige (gnr. 91) og gnr./bnr. 91/15 og 91/16.

Vang kommune:

Smådalen Sameige.

Reservatet dekkjer et areal på ca. 2.235 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av flybilete i målestokk ca. 1:5.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Flybiletet og fredingsføresegnene finst i Vestre Slidre og Vang kommunar, hos fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka der dei går over land og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å bevare eit viktig våtmarksområde med vegetasjon, fugleliv og anna dyreliv som naturleg er knytta til området, særleg av omsyn til hekkande våtmarksfugl.

IV

For reservatet gjeld følgjande føresegner (jfr. likevel punkta V og VI):

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Alt vilt, til dette høyrer hia, reira og egga deira, er freda mot all form for skade, øydelegging og unødvendige forstyrringar jfr. viltlovas § 3. Jakt, fangst, bruk av skytevåpen og slepp av hund er forbudt.

Utsetting av vilt er ikkje tillate.

3.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, bortlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel på vatn og på land og lågtflyging under 800 fot over reservatet, er forbudt, under dette høyrer også bruk av modellbåtar og modellfly.

Bruk av robåt, kano eller tilsvarande framkomstmiddel er forbudt.

Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbudt.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsel- og forvaltningsaugnemed.
2.tradisjonell slått og beiting.
3.vedlikehald av tidlegare opptekne grøfteavlaup som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltningsmakta er varsla
4.vedlikehald av eksisterande bygningar.
5.sanking av bær og matsopp.
6.fiske etter det til einkvar tid gjeldande lovverk og forskrifter gjevne i medhald av dette.
7.bruk av robåt, kano eller tilsvarande framkomstmiddel for grunneigarar i samband med fiske.
8.jakt på hjortedyr, hønsefugl og hare i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.
9.bruk av hund under kontroll i samband med utøving av lovleg jakt.
10.motorisert ferdsel for å bringe felt hjortevilt ut av reservatet.
11.motorisert ferdsel på frosen og snødekka mark etter lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag og kommunale forskrifter gjevne i medhald av dette.

VI

Forvaltningsmakta kan gje løyve til

1.felling av vilt som er årsak til vesentleg skade, i samsvar med viltlovas føresegner og forskrifter.
2.etablering av nye grøfteavlaup for drenering av tilgrensande areal.
3.hogging av ved til eige bruk for grunneigarar og bruksrettshavarar.

VII

Forvaltningsmakta, eller den forvaltningsmakta bestemmer, kan gjennomføre skjøtseltiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselplan, som skal innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtseltiltaka.

VIII

Forvaltningsmakta kan gjere unntak fra fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig vekt og i andre særlege tilfelle, når desse ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene tek til å gjelde straks.