Forskrift til lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, Gol kommune, Buskerud

DatoFOR-1990-10-16-4852
Publisert
Ikrafttredelse16.10.1990
Sist endret
Endrer
Gjelder forGol kommune, Buskerud
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4og§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsel i utmark, Gol

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Gol kommunestyre 16. oktober 1990 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 og § 5.

A. Landing og start av luftfartøy

Landing og start av luftfartøy kan skje sommar og vinter på Tisleifjorden. I heilt spesielle tilfelle kan det etter søknad gjevast løyve til landing og start med luftfartøy på andre vatn eller i andre områder. Slike løyve skal gjevast under føresetnad av at det vert nytta kortaste sikre rute mellom start- og landingstidspunkt.

Løyve kan vere tidsavgrensa eller gjevast for kvar tur.

B. Bruk av motorfartøy på vatn mindre enn 2 km²

Bruk av motorfartøy på vatn mindre enn 2 km² er tillate:

-i samband med kultivering av fiskevatn
-for grunneigar, rettighetshavar eller eigar av fiskerett i samband med garnfiske.

Maks tillate motorstorleik er 4 hk.

C. Bruk av motorfartøy på vatn større enn 2 km²

Største tillate motorstorleik på båtfartøy er 4 hk.

Forskrifta gjeld frå det tidspunkt i kommunestyret har gjort vedtak om denne.