Forskrift om Flottin fuglefredingsområde, Hjartdal kommune, Telemark.

DatoFOR-1990-12-07-1065
PublisertII 1990 418
Ikrafttredelse07.12.1990
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forFlottin fuglefredingsområde, Hjartdal kommune, Telemark.
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 14 og § 9 jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om fuglefredingsområde, Hjartdal

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 7. desember 1990. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret ved forskrift 15 mars 2014 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i eit område på Flottin i Hjartdal kommune, Telemark fylke, freda ved Kronprinsreg.res. av 7. desember 1990. Området vert gjeve namnet Flottin fuglefredingsområde.

II

Fredinga gjeld desse gnr./bnr.:

12/5, 13/1, 13/2, 14/1, 16/2, 17/1, 17/2, 18/1, 19/2, 19/4, 19/6, 19/8, 21/1, 21/8, 22/1, 22/6, 24/1, 25/5, 25/6, 33/3, 34/2, 3, 36/1, 37/2, 37/4, 40/1, 44/1 og 46/4.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på omlag 14,8 km², av dette er omlag 14,4 km² landareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:20.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Kartet vert oppbevart i Hjartdal kommune, hos Fylkesmannen i Telemark, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal merkjast av i marka, og knekkpunkta bør verte koordinatfesta.

III

Føremålet med fredinga er ta vare på det rike fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i området, særleg med sikte på å verne hekkeplassane for fleire fugleartar i utkanten av deira utbreiingsområde.

IV

For fuglefredingsområdet gjeld desse forskriftene, men jf. kap. V og VI:

1.Innføring av nye dyrearter er ikkje tillate.

Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode i tida fra og med 1. mars til og med 20. august. Bandtvang for hund vert regulert etter viltlova og kommunale bandtvangforskrifter.

2.Tiltak som kan endre livsmiljøet for fuglelivet er forbode, så som oppføring av bygningar og anlegg, framføring av luftleidningar, utslepp av kloakk, bygging av vegar, drenering, oppdyrking, uttak av eller oppfylling med masse, kasting av avfall, gjødsling, eller bruk av kjemiske plantevernmiddel.

Opplistinga er ikkje uttømmande.

3.For bruken av motorkjøretøy gjeld lov om motorferdsle i utmark og kommunale forskrifter i medhald av denne.

Miljødirektoratet kan fastsetje nærare forskrifter for ferdsel i området, dersom dette er naudsynt for å oppfylle føremålet med fredinga.

0Endret ved forskrift 15 mars 2014 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

V

Forskriftene i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd, og tiltak for sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsføremål.
2.Tradisjonell slått og beiting, medrekna naudsynt bruk av gjetarhund.
3.Bruk og vedlikehald av hytter og driftsbygningar for landbruket.
4.Vanleg skogsdrift. Eventuelle traktorvegar for slik drift skal haldast stengde for allmenn motorferdsle.
5.Fiske etter gjeldande forskrifter.
6.Hyttebygging etter plan godkjend 7. oktober 1974.
7.Sanking av bær og matsopp.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som er årsak til vesentleg skade.
2.Tilbygg til eksisterande hytter og andre bygningar i området.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gir fullmakt til, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Ein kan og lage ein skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for stell av området.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsforskriftene når føremålet med fredinga krev det, for vitskapelege undersøkingar, for arbeid som er til vesentleg gagn for samfunnet, og i særskilte høve dersom unntaket ikkje kjem i strid med føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsforskriftene vert lagt til Fylkesmannen i Telemark.

X

Forskrifta trer i kraft straks.