Forskrift om Bjortjønn fuglefredingsområde, Vinje kommune, Telemark.

DatoFOR-1990-12-07-1066
PublisertII 1990 420
Ikrafttredelse07.12.1990
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forBjortjønn fuglefredingsområde, Vinje kommune, Telemark.
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 14 og § 9 jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om fuglefredingsområde, Vinje

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. av 7. desember 1990. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 14 2. ledd, og § 9, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i eit område kring Bjortjønn i Vinje kommune, Telemark fylke, freda ved Kronprinsreg.res. av 7. desember 1990. Området vert gjeve namnet Bjortjønn fuglefredingsområde.

II

Fredinga gjeld desse gnr./bnr.:

137/1, 137/2, 137/14, 138/1, 138/3, 138/5, 138/6, 138/7, 138/8, 138/9, 139/30, 148/3, 148/4, 148/5, 148/6 og 8, 148/9, 148/10, 148/19, 148/20, 148/22 og 160/5.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på omlag 16,4 km², av dette er omlag 15,1 km² landareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:20.000, datert Miljøverndepartementet september 1990. Kartet vert oppbevart i Vinje kommune, hos Fylkesmannen i Telemark, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal merkjast av i marka, og knekkpunkta bør verte koordinatfesta.

III

Føremålet med fredinga er å bevare det rike fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i området, særleg med sikte på å bevare hekkeplassane for fleire fugleartar i utkanten av deira utbreiingsområde.

IV

For fuglefredingsområdet gjeld desse forskriftene, men jf. kap. V og VI:

1.Jakt, fangst og bruk av skytevåpen skal gå føre seg etter viltlova sine forskrifter.

Unntak gjeld for våtmarksfuglar, dvs. andefuglar (ender og gjess) og vadefuglar, som er freda heile året.

Bandtvang for hund vert regulert etter viltlova og kommunale bandtvangforskrifter.

2.Tiltak som kan endre livsmiljøet for fuglelivet er forbode, så som oppføring av bygningar og anlegg, framføring av luftleidningar, utslepp av kloakk, bygging av vegar, drenering, oppdyrking, uttak av eller oppfylling med masse, kasting av avfall, gjødsling, eller bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
3.For bruken av motorkjøretøy gjeld lov om motorferdsel i utmark og kommunale forskrifter i medhald av denne.

Miljødirektoratet kan fastsetje nærare forskrifter for ferdsle i området, dersom dette er naudsynt for å oppfylle føremålet med vernet.

0Endret ved forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

V

Forskriftene i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd, og tiltak for sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsføremål.
2.Tradisjonell slått og beiting, medrekna naudsynt bruk av gjetarhund.
3.Bruk og vedlikehald av hytter, driftsbygningar for landbruket, setrer og setervollar.
4.Fiske etter gjeldande forskrifter.
5.Vedlikehald av eksisterande vegar og luftleidningar.
6.Sanking av bær og matsopp.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som er årsak til vesentleg skade.
2.Oppdyrking av areal som er av liten verdi for fuglelivet, og bygging av vegar og driftsbygningar som er naudsynte i denne samanhang. Planar for slik oppdyrking skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta.
3.Tilbygg til eksisterande hytter og andre bygningar i området.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gir fullmakt til, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Ein kan og lage ein skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for stell av området.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak fra forskriftene når føremålet med fredinga krev det, for vitskapelege undersøkingar, for arbeid som er til vesentleg gagn for samfunnet, og i særskilte høve dersom unntaket ikkje kjem i strid med føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsforskriftene vert lagt til Fylkesmannen i Telemark.

X

Forskrifta trer i kraft straks.