Forskrift om vern av Stølsheimen landskapsvernområde, Høyanger og Vik kommunar, Sogn og Fjordane, Modalen, Vaksdal og Voss kommunar, Hordaland.

DatoFOR-1990-12-21-1087
PublisertII 1990 440
Ikrafttredelse21.12.1990
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forStølsheimen landskapsvernområde, Høyanger og Vik kommunar, Sogn og Fjordane, Modalen, Vaksdal og Voss kommunar, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Stølsheimen landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 21. desember 1990 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 § 5, jf. § 6 og § 21, § 22 og § 23, jf. delegeringsvedtak 3. juli 1987 nr. 572 og 3. november 1988 nr. 4324. Fremma av Miljøverndepartementet. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 24. mars 1998, 16 des 2005 nr. 1536, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern 19. juni 1970 nr 63, § 5, jf. § 6 og § 21, § 22 og § 23, er eit område i Stølsheimen i Høyanger og Vik kommunar i Sogn og Fjordane fylke og i Modalen, Vaksdal og Voss kommunar i Hordaland fylke ved kronprinsregenten sin resolusjon av 21. desember 1990 verna som landskapsvernområde under namnet «Stølsheimen landskapsvernområde».

Med heimel i kgl.res. 3. juli 1987 og Miljøverndepartementet si delegering 3. november 1988 er forskrifta endra ved Direktoratet for naturforvaltning sitt vedtak av 24. mars 1998 og ved kgl.res. 16 desember 2005.

II

Landskapsvernområdet er omlag 377 km² stort, av dette omlag 4 km² sjøareal, og omfattar heile eller deler av gnr./bnr.: 

Sogn og Fjordane

Høyanger kommune: 1/1, 1/2, 2/1, 2/2, 2/3, 2/4, 2/5, 2/7, 3/1, 3/2, 4/1, 4/2, 4/3, 4/4, 4/5, 4/6, 4/8, 4/9, 5/1, 5/2, 6/1, 6/2, 115/1, 115/2. 

Vik kommune: 56/1, 56/2, 56/3, 56/11, 56/12, 56/13, 57/1, 58/1, 58/2, 58/4, 58/6, 59/5, 60/1, 60/2, 60/3, 60/4, 60/5, 60/6, 60/8, 60/12, 60/13, 60/14, 60/15, 60/16, 60/17, 61/1, 61/2, 61/3, 61/4, 62/1, 62/2, 62/3, 62/4, 63/2, 63/3, 64/2, 64/3, 64/4, 64/5, 64/8, 64/10, 64/12, 64/13, 64/24, 65/1, 65/2, 65/3, 66/1, 66/2, 66/3, 66/4, 67/1, 67/2, 68/1, 68/2, 68/3, 68/4, 68/6, 68/7, 68/8, 68/9, 68/10, 69/1, 69/2, 70/1, 71/1, 71/2, 71/3, 72/1, 72/2, 72/3, 73/1, 73/2, 74/1, 75/1, 75/2, 75/3. 

Hordaland

Modalen kommune: 84/2, 84/3, 84/5, 84/12, 85/1, 85/2, 85/3, 85/4, 85/16, 85/17, 85/22. 

Vaksdal kommune: 67/1, 67/2, 67/3, 69/1, 69/2, 69/3, 69/4, 69/5, 69/7, 69/9. 

Voss kommune: 59/1, 271/1, 271/2, 271/3, 271/4, 272/1, 272/2, 272/3, 272/4, 272/5, 272/6, 272/7, 272/8, 273/1, 273/2, 274/1, 274/2, 274/3, 274/4, 274/5, 274/6, 275/1, 275/2, 275/3, 275/4, 275/5, 276/1, 276/8, 277/1, 277/2, 277/3, 277/4, 277/7, 277/8, 277/10, 277/15, 278/1, 278/2, 278/3, 279/1, 279/2, 279/3, 279/4, 279/5, 279/6, 280/1, 280/2, 280/3, 280/9, 282/1, 282/2, 282/3, 282/4, 282/6, 282/8, 283/1, 283/2, 283/3, 283/4, 283/8, 284/1, 284/2, 284/3, 284/4, 284/5, 285/1, 285/3, 285/4, 285/5, 312/1.

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart (målestokk 1:50.000), datert Miljøverndepartementet desember 2005.

Kartet og forskriftene for området er arkiverte i Høyanger, Vik, Modalen, Vaksdal og Voss kommunar, hos fylkesmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane, hos Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast i marka, og knekkpunkt i grenselina skal koordinatfestast.

III

Føremålet med vern av Stølsheimen er å ta vare på eit særmerkt og vakkert vestlandsk fjell- og fjordlandskap med kulturminne, kulturlandskap og naturmiljø som er lite påverka av tekniske inngrep, samstundes som området skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Alle inngrep eller verksemd som vesentleg kan endre landskapets art eller karakter er forbode; så som oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, fjerning eller inngrep i faste kulturminner frå nyare tid, så som bygningar, vegar, gamle kve m.m., framføring av luftleidningar, bygging av vegar, drenering, og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, bergverksdrift, vassdragsregulering, attlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel, utslepp av konsentrerte forureiningstilførslar mv. Opplistinga er ikkje uttømmande.
2.Oppdyrking eller endring i den naturlege samansetnaden av treslag ved skogkultur er forbode. Snauhogst er berre tillate i samråd med forvaltningsstyresmakta og dersom kvar hogstflate er mindre enn 5 da. Ny skog skal kome naturleg, men furu kan plantast der den er det naturlege treslaget.
3.Særmerkte og dekorative tre skal ikkje fellast, heller ikkje daude tre som er med på å prega landskapet.
4.Motorferdsle på land og innsjøar, og landing med luftfartøy er forbode.

Unntak frå desse reglane er oppført i pkt. V og VI.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd, og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Motorferdsle i samband med naudsynt transport i jord- og skogbruksverksemd.
3.Bruk av motorbåt på Finnafjorden.
4.Bruk av helikopter til vedlikehald av Televerkets reflektorpunkt på Rotteskardet.
5.Naudsynt transport til turisthytter med beltekøyretøy på vinterføre.
6.Vanleg vedlikehald av eksisterande anlegg, merka turiststigar, vegar, kraft- og telefonliner og vanleg vedlikehald av bygningar med tradisjonelle materialar.
7.Utmarksbeite.
8.Gjødsling og manuell rydding av stølsbøar.
9.Bærplukking og soppsanking.
10.Bruk av nedfalle virke og tørre eller friske kvistar til bål på staden. Tørre tre på rot må ikkje fellast.
11.Jakt, fangst og fiske etter reglane i viltlova, innlandsfiskelova og saltvassfiskelova.
12.Forsvarleg nedgraving///brenning av avfall ved dei faste overnattingsplassane.
13.Underjordisk prøvedrift etter talk i medhald av konsesjon gjeve av Landbruksdepartementet 29. oktober 1985. Bygging av veg frå Kvilesteinsvatnet til Raudbergdalen og bygging av oppstillingsplass utanfor tunnelopninga i samband med prøvedrifta. Arbeidet skal planleggjast og utøvast i samråd med forvaltningsstyresmaktaa.
14.Underjordisk bergverksdrift frå tunnelopning utanfor verneområdet i samband med uttak av talk. Luftekanalar og eventuelt andre synlege inngrep innanfor landskapsvernområdet skal utformast i samråd med forvaltningsstyresmakta.
15.Gjennomføring av dei to kategori I-prosjekta i Samla plan som gjeld overføring frå øvre del av Tuledalen til Åsebotn kraftverk i Modalsvassdraget og bekkeinntak i Stordalen (alt. V2 i Ortnevikvassdraget) i samband med utbygging av Østerbø/Mjølsvik i samsvar med Stortinget sitt vedtak.
16.Fortøying av båtar til land og ferdsle på land i samband med bruk av landfester under utøving av yrkesfiske i sjø.
17.Havbeiteverksemd utan faste installasjonar over vann i medhald av lov om havbeite.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan på nærare vilkår gje løyve til:

1.Endring av driftsformer i landbruket som kan få vesentleg innverknad på landskapet sin art eller karakter, slik som nydyrking og oppføring av nye stølsanlegg mv.
2.Oppføring av gjetarhytter, buer og naust, og andre bygg i samband med landbruksdrift, tilpassa tradisjonelt bygningsmiljø på staden.
3.Restaurering og gjennoppføring av stølshus i stølsområda etter plan og teikningar utarbeidde i samråd med fylkeskonservatoren.
4.Oppføring, utviding eller ombygging av turisthytter for allmenn bruk.
5.Oppmerking av nye turistruter, bygging av klopper, oppsetting av vegvisar mv.
6.Naudsynt motorisert transport av mat, brensel og utstyr til turisthyttene, transport av materialar og utstyr i samband med bygging, transport i samband med jakt, og elles når andre særlege grunnar ligg føre.
7.Enkle anlegg på overflata i samband med underjordisk prøvedrift etter talk, sjå pkt. V nr 13.
8.Opparbeiding av veg langs Sognefjorden og over Finnafjorden i samband med eit eventuelt vegprosjekt Arnafjord - Ortnevik.
9.Oppføring av nye anlegg og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
10.Etablering av havbruksanlegg utan installasjonar på land og utan særleg synlege anlegg på sjøoverflata.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i særskilde høve når det ikkje strir mot føremål med vernet.

VIII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan setje i verk slik skjøtsel som trengst for å oppfylle føremålet med vernet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan for landskapsvernområdet med retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

IX

Miljødirektoratet fastsett kven som er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.