Forskrift om vern av Vormedalsheia landskapsvernområde, Hjelmeland kommune, Rogaland.

DatoFOR-1991-04-19-245
PublisertII 1991 106
Ikrafttredelse19.04.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forVormedalsheia landskapsvernområde, Hjelmeland kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Vormedalsheia landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 19. april 1991. Fremmet av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 5, jfr. § 6 og § 21, § 22 og § 23, er eit område i Hjelmeland kommune verna som landskapsvernområde ved kgl.res. av 19. april 1991 under namnet Vormedalsheia landskapsvernområde.

II

Området omfattar følgjande gnr./bnr. i Hjelmeland kommune: 30/2, 30/5, 32/1, 33/1, 34/1, 5, 7, 35/1, 36/1, 2, 37/2, 3, 4, 5, 38/1, 3, 4, 5, 8, 9, 10, 12, 13, 39/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 11, 12, 14, 15, 16, 17, 20, 22, 40/1, 2, 3, 41/1, 2, 3, 5, 6, 7, 6, 9, 10, 11, 14, 27, 42/1, 2, 3, 4, 5, 6, 43/1, 2, 44/1, 2, 45/12, 69/1, 2, 3, 4, 5, 8, 9, 100/3, 101/1, 2, 107/4, 112/1, 4, 5, 8, 10, 19, 117/1, 3, 118/1, 2, 121/1, 2.

Landskapsvernområdet er 120 km² stort.

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart, nedfotografert fra målestokk 1: 50.000, datert Miljøverndepartementet februar 1991. Kartet og verneforskriftene finst i Hjelmeland kommune, hos fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

III

Føremålet med vernet er å ta vare på eit særmerkt og vakkert landskap som gjev eit godt tverrsnitt av Ryfylkenaturen frå fjord til høgfjell, og som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Det må ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller innverka på landskapet sin art eller karakter. I dette medrekna uttak, utfylling, plassering eller lagring av masse, bortlegging av avfall, vegbygging, drenering eller tørrlegging av område, framføring av luftleidningar, oppføring av anlegg og andre innretningar eller bygningar, nydyrking, treslagskifte granplanting og skogreising. Opplistinga er ikkje fullstendig.
2.Vegen til Ottestøl skal vera stengt med bom ved grensa til landskapsvernområdet. Den skal vera ein traktorveg og ikkje rustast opp til høgare standard. Grunneigarane i området (gnr. 41 og 42) kan bruka vegen til næringskøyring med traktor og snøscooter, elles er motorisert ferdsle forbode.
3.Motorferdsle i utmark og i vassdrag og landing med luftfartøy er forbode.
4.Forvaltningsstyresmaktene kan regulera organisert ferdsle og turisme i området dersom dette er naudsynt av omsyn til villreinen. Nye turistløyper skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta.

V

Reglane i pkt. IV skal ikkje vera til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikringsteneste og oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsoppgåver.
2.Vanleg vedlikehald og drift av eksisterande bygningar, kraftliner, kraftverksinstallasjonar, vegar, innretningar m.v. nemde under pkt. IV 1. når dette vert tilpassa landskapet og lokal byggeskikk.
3.Noverande drift av landbruksareala i landskapsvernområdet, herunder oppsetting av gjerde, kve o.l. som er naudsynte for fedrifta i området, uttak av skog som motsvarar den årlege tilveksten, flatehogst der flatene er mindre enn 2 dekar, naudsynt bruk av motorkøyrety til desse føremåla på opparbeidde vegar, parkeringsplassar og dyrka mark, og i utmark dersom marka er så frossen at køyretyet ikkje gjer nemnande skade.

Forvaltningsstyresmakta kan av omsyn til særlege sårbare naturområde og viltforekomstar unnta enkelt tre og mindre tregrupper frå hogst.

4.Naudsynt transport av mat, utstyr og betjening til og frå turisthytter med beltekøyrety på vinterføre.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Motorferdsle i utmark og i vassdrag og landing med luftfartøy.
2.Dyrking, oppføring av bygningar til bruk i landbruksdrifta, treslagsskifte, skogreising eller anna skogsdrift ut over det som er tillatt etter pkt. V 3.
3.Oppføring av enkelte hytter i område der det er hytter frå før.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan sette i verk skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane for vitenskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i særskilde høve når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av forskriftene er lagt til fylkesmannen i Rogaland.

X

Denne forskriften tek til å gjelde straks.