Forskrift om vern av Lusaheia landskapsvernområde, Hjelmeland kommune, Rogaland.

DatoFOR-1991-04-19-246
PublisertII 1991 108
Ikrafttredelse19.04.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forLusaheia landskapsvernområde, Hjelmeland kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Lusaheia landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. av 19. april 1991. Fremmet av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 5, jfr. § 6 og § 21, § 22 og § 23, er eit område i Hjelmeland kommune verna som landskapsvernområde ved kgl.res. av 19. april 1991 under namnet Lusaheia landskapsvernområde.

II

Området omfattar følgjande gnr./bnr. i Hjelmeland kommune: 118/1, 119/1, 121/3, 139/1,2,3,10,19, 140/1, 144/1, 145/1.

Landskapsvernområdet er 122 km² stort.

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart, nedfotografert fra målestokk 1:50.000, datert Miljøverndepartementet februar 1991. Kartet og verneforskriftene finst i Hjelmeland kommune, hos fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

III

Føremålet med vernet er å ta vare på eit særmerkt og vakkert høgfjellslandskap som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Det må ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller innverka på landskapet sin art eller karakter. I dette medrekna uttak, utfylling, plassering eller lagring av masse, bortlegging av avfall, vegbygging, drenering eller tørrlegging av område, framføring av luftleidningar, oppføring av anlegg og andre innretningar eller bygningar, nydyrking, treslagsskifte, granplanting og skogreising. Opplistinga er ikkje fullstendig.
2.Motorferdsle i utmark og i vassdrag og landing med luftfartøy er forbode.
3.Forvaltningsstyresmaktene kan regulera organisert ferdsle og turisme i området dersom dette er naudsynt av omsyn til villreinen. Nye turistløyper skal godkjennast av forvaltningsstyresmakta.

V

Reglane i pkt. IV skal ikkje være til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikringsteneste og oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsoppgåver.
2.Vanleg vedlikehald og drift av eksisterende bygningar, kraftliner, kraftverksinstallasjonar, vegar, innretningar m.v. nemde under pkt. IV 1. når dette vert tilpassa landskapet og lokal byggeskikk.
3.Vanleg drift av landbruksareala i landskapsvernområdet, herunder hogst av ved til eige bruk, oppsetting av gjerde, kve o.l. som er naudsynte for fedrifta i området, og naudsynt bruk av motorkøyrety til desse føremåla på opparbeidde vegar og i utmark dersom marka er så frossen at køyretyet ikkje gjer nemnande skade.
4.Naudsynt transport av mat, utstyr og betjening til og frå turisthytter med beltekøyretøy på vinterføre.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til motorferdsle i utmark og i vassdrag og landing med luftfartøy.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan sette i verk skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane for vitenskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i særskilde høve når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av forskriftene er lagt til fylkesmannen i Rogaland.

X

Denne forskriften tek til å gjelde straks.