Forskrift om motorferdsel innanfor Hardangervidda Nasjonalpark, Buskerud, Telemark og Hordaland

DatoFOR-1991-07-09-1013
PublisertAvd II 1994 Nr. 7
Ikrafttredelse09.07.1991
Sist endret
EndrerFOR-1989-08-02-764
Gjelder forBuskerud, Telemark og Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§3, jfr. § 4 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23, FOR-1981-04-10-4830 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsel, Hardangervidda

Fastsatt av Hovedutvalget for natur og miljøvern i Odda kommune 27. november 1990 med hjemmel i kgl.res. av 10. april 1981 nr. 4830 om vernereglane for Hardangervidda Nasjonalpark pkt. 4.5.3. Stadfesta av Direktoratet for naturforvaltning 9. juli 1991.

§ 1.Verkeområde

Vedtekta gjeld transport i heile nasjonalparken med grenser som nemnt i kgl.res. av 10. april 1981 nr. 4830 § 1.

§ 2.Motorferdsel

All motorferdsel må vere naudsynt og foregå aktsamt og omsynsfullt for å unngå skade på og ulempe for naturmiljø og menneske.

Ved vurdering av kva som er naudsynt, skal det m.a. leggjast vekt på avstand frå veg og vekt av det som skal transporterast. Like eins om det kan nyttast felles transport.

Det framkomstmiddel som har minst skadeverknad, må til ei kvar tid nyttast.

§ 3.Transport utan særskilt løyve
1.I samband med storviltjakt kan det nyttast:
a)Traktor til køyring av ein tur/retur for kvar jeger når transporten på førehand er meldt til oppsynet. Transporten må gå føre seg etter sleper fastsette av Direktoratet for Statens skoger i statsallmenningar og av tilsynsutvalget på privat grunn.

Det er forbode å køyra utanfor dei fastsette slepene. Traktor kan ikkje vera utstyrd med skjær eller gravereiskap.

b)Fly

når transporten vert utført av personar eller selskap med luftfart som registrert næring.

Landing og start er tillate i lovleg jakttid og 3 døger før og 3 døger etter jakttid på følgjande vatn:

-Eidfjord kommune: Normannslågen, ved Besso turisthytte. 
-Ullensvang herad: Vatnalidvatn, Veivatn, Bersavikvatn, Opesjovatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Øvste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjøen, Midtre Grønndalsvatn, og Store Valgardsvatn for å transportera ut kjøt. 
-Odda kommune: Holavatn, Hedlevatn, Øvre og Nedre Langevatn. 
-Vinje kommune: Fjellsjåen, Sandvatn, Briskevatn, Vollevatn, Gjuvsjåen, Ugletjønn, Store Meinsvatn, Kallungsjå. 
-Tinn kommune: Viuvatn, Sletteidvatn. 
-Nore og Uvdal kommune: Langesjøen, Geitvatn, Hettefjorden.
c)Båt er motor inntil 10 HK på vatn større enn 2 km².
2.I samband med transport av utstyr, materialer og arbeidsfolk til bygging i samsvar med byggeløyve og i samband med transport av varer og tenestefolk til turisthytter kan det nyttast:
a)Beltekøyrety på vinterføre før 1. mai. Kortaste løype skal nyttast dersom ikkje fast trasé er merkt.

I særskilde kalvingsområde for villreinen kan tilsynsutval/løyveutval setja stopp for køyring på vinterføre til ein tidligare dato.

b)Fly når transporten vert utført av personar eller selskap med luftfart som registrert næring.
c)Båt med motor inntil 10 HK på vatn større enn 2 km².
d)Bil eller traktor på Tinnhølvegen.
3.I samband med garnfiske kan det nyttast:

Båt med motor inntil 10 HK på vatn større enn 2 km².

§ 4.Prov på kjøreløyve

Ved verksemd som grunngjev bruk av motorframkomstmiddel og som krev løyve av offentleg styresmakt eller grunneigar, skal prov på dette bringast med under transporten og visast fram på oppmoding fra oppsynet.

§ 5.Forholdet til grunneigarar

Løyve i medhald av denne vedtekta endrar ikkje grunneigaren si rett etter gjeldande rettsreglar til å setja forbod mot eller avgrensa motorferdsel på sin eigedom.

§ 6.Straff

Naturvernlova sine reglar om straff skal nyttast når ein aktlaust eller forsettleg bryt reglane i denne vedtekta.

§ 7.Iverksetjing

Vedtekta skal iverksetjast straks.

Samstundes vert førebels vedtekt av 2. august 1989 nr. 764 om motorferdsle innanfor Hardangervidda Nasjonalpark oppheva.