Forskrift om motorferdsle innanfor Hol kommune sin del av Hardangervidda nasjonalpark, Buskerud.

DatoFOR-1991-07-09-647
PublisertII 1991 246
Ikrafttredelse09.07.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forHardangervidda nasjonalpark, Hol kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5, FOR-1981-04-10
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsle, Hol

Hol kommune har 21. mai 1991 vedteke ny forskrift for motorferdsle innanfor Hardangervidda nasjonalpark med heimel i kgl.res. av 10. april 1981 pkt. 4.5.3 vernereglane for Hardangervidda nasjonalpark. Forskrifta er godteke av Direktoratet for naturforvaltning 9. juli 1991.

§ 1.Virkeområde

Vedtekta gjeld transport i heile nasjonalparken med grenser som nemnt i kgl.res. av 10. april 1981 med seinare endringar.

§ 2.Motorferdsle

All motorferdsle må vere naudsynt og føregå aktsamt og omsynsfullt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske.

Ved avgjerda om noko er naudsynt skal ein vurdere om utstyret kan berast i ei bør, ut frå vekt og transportavstand. Felles transport skal nyttast der det er mogleg.

Ein skal nytte det framkomstmiddel som har minst skadeverknad så langt det er forsvarleg ut frå tryggleikshensyn.

§ 3.Transport utan særskilt løyve
1.I samband med storviltjakt kan det nyttast:
a)Traktor til felles transport av kjøt og naudsynt utstyr.

Transporten må gå føre seg etter sleper fastsette av Direktoratet for statens skoger i statsallmenningar og av tilsynsutvalet på privat grunn.

Det er forbode å køyre utanfor dei fastsette slepene. Parkering skal skje så nær slepa som mogleg.

Traktor kan ikkje vere utstyrt med skjær eller gravereiskap.

b)Fly når transporten blir utført av personar eller selskap med luftfart som registrert næring. Landing og start er tillate i lovleg jakttid og 3 døger før og 3 døger etter jakttid på følgjande vatn:

Eidfjord kommune: Normannslågen ved Besso turisthytte.

Ullensvang herad: Vatnalidvatn, Veivatn, Bersavikvatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjø, Midtre Grøndalsvatn, og Store Valgardsvatn for å transportera ut kjøt.

Odda kommune: Holmavatn, Hedlevatn, Øvre Langevatn.

Vinje kommune: Fjellsjåen, Sandvatn, Briskevatn, Vollevatn, Gjuvsjåen, Ugletjønn, Store Meinsvatn, Kallungsjå, Gunnleiksbuvatn, Hedlevatn.

Tinn kommune: Viuvatn, Sletteidvatn.

Nore og Uvdal kommune: Langesjøen, Geitvatn, Hettefjorden.

c)Båt med motor inntil 10 hk på vatn større enn 2 km².
2.I samband med transport av utstyr, materialar og arbeidsfolk til bygging i samsvar med byggeløyve og i samband med transport av varer og tenestefolk til turisthytter kan det nyttast:
a)Beltekøyretøy på vinterføre før 1. mai. Kortaste løype skal nyttast om ikkje fast trasé er merkt.

I kalvingsområda for villrein og viktige trekkområde, kan tilsynsutval/løyveutval setje stopp for køyring til ein tidlegare dato.

b)Fly når transporten blir utført av personar eller selskap med luftfart som registrert næring. Landing og start kan skje på næraste eigna vatn.
c)Båt med motor inntil 10 hk på vatn større enn 2 km².
d)Bil eller traktor på Tinnhølvegen.
3.I samband med garnfiske kan det nyttast: Båt med motor inntil 10 hk på vatn større enn 2 km².
§ 4.Prov på køyreløyve

Ved verksemd som grunngjev bruk av motorframkomstmiddel og som krev løyve av offentleg styresmakt og/eller grunneigar, skal prov på dette bringast med under transporten og visast fram på oppmoding fra oppsynet.

§ 5.Forholdet til grunneigarar

Løyve i medhald av denne vedtekta endrar ikkje grunneigaren sin rett etter gjeldande rettsreglar til å setje forbod mot eller avgrense motorferdsle på sin eigedom.

§ 6.Straff

Naturvernlova sine reglar om straff nyttast når ein aktlaust eller forsettleg bryt reglane i denne lova.

§ 7.Iverksetjing

Vedtekta trer i kraft straks.

Førebels forskrift om motorferdsle innanfor Hardangervidda nasjonalpark av 22. januar 1981 vert oppheva for Hol kommune.