Forskrift om naudsynt motorferdsle innanfor Ullensvang kommune sin del av Hardangervidda nasjonalpark, Hordaland.

DatoFOR-1991-08-12-681
PublisertII 1991 264
Ikrafttredelse12.08.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forUllensvang kommune, sin del av Hardangervidda nasjonalpark, Hordaland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§3, jfr. § 4 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23, FOR-1981-04-10-4830 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsle, Hardangervidda

Ullensvang kommune har 29. juli 1991 vedteke forskrift om naudsynt motorferdsle innanfor Ullensvang kommune sin del av Hardangervidda nasjonalpark. Forskrifta er godteke av Direktoratet for naturforvaltning 12. august 1991 med heimel i kgl.res. av 10. april 1981 pkt. 4.5.3, vernereglane for Hardangervidda nasjonalpark.

§ 1.Virkeområde

Vedtekta gjeld transport i heile nasjonalparken med grenser som nemnt i kgl.res. av 10. april 1981 med seinare endringar.

§ 2.Motorferdsle

All motorferdsle må vere naudsynt og føregå aktsamt og omsynsfullt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske.

Ved avgjerda om noko er naudsynt skal ein vurdere om utstyret kan berast i ei bør, ut frå vekt og transportavstand. Felles transport skal nyttast der det er mogleg.

Ein skal nytte det framkomstmiddel som har minst skadeverknad så langt det er forsvarleg ut frå tryggleikshensyn.

§ 3.Transport utan særskilt løyve
1.I samband med storviltjakt kan det nyttast:
a)Traktor til felles transport av kjøt og naudsynt utstyr.

Transporten må gå føre seg etter sleper fastsette av Direktoratet for statens skoger i statsallmenningar og av tilsynsutvalet på privat grunn.

Det er forbode å køyre utanfor dei fastsette slepene. Parkering skal skje så nær slepa som mogleg.

Traktor kan ikkje vere utstyrt med skjær eller gravereiskap.

b)Fly når transporten blir utført av personar eller selskap med luftfart som registrert næring. Landing og start er tillate i lovleg jakttid og 3 døger før og 3 døger etter jakttid på følgjande vatn:

Eidfjord kommune1 : Normannslågen ved Besso turisthytte.

Ullensvang herad1 : Vatnalidvatn, Veivatn, Bersavikvatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjø, Midtre Grøndalsvatn, for å transportera ut kjøt.

Odda kommune1 : Holmavatn, Hedlevatn, Øvre Langevatn.

Vinje kommune1 : Fjellsjåen, Sandvatn, Briskevatn, Vollevatn, Gjuvsjåen, Ugletjønn, Store Meinsvatn, Kallungsjå, Gunnleiksbuvatn, Hedlevatn.

Tinn kommune1 : Viuvatn, Sletteidvatn.

Nore og Uvdal kommune1 : Langesjøen, Geitvatn, Hettefjorden.

c)Båt med motor inntil 10 hk på vatn større enn 2 km².
2.I samband med transport av utstyr, materialar og arbeidsfolk til bygging i samsvar med byggeløyve og i samband med transport av varer og tenestefolk til turisthytter kan det nyttast:
a)Beltekøyrety på vinterføre før 1. mai. Kortaste løype skal nyttast om ikkje fast trasé er merkt.

I kalvingsområda for villrein og viktige trekkområde, kan tilsynsutval/løyveutval setje stopp for køyring til ein tidlegare dato.

b)Fly når transporten blir utført av personar eller selskap med luftfart som registrert næring. Landing og start kan skje på næraste eigna vatn.
c)Båt med motor inntil 10 hk på vatn større enn 2 km² .
d)Bil eller traktor på Tinnhølvegen.
3.I samband med garnfiske kan det nyttast: Båt med motor inntil 10 hk på vatn større enn 2 km² .
1Tatt med i denne forskriften for oversiktens skyld.
§ 4.Prov på køyreløyve

Ved verksemd som grunngjev bruk av motorframkomstmiddel og som krev løyve av offentleg styresmakt og/eller grunneigar, skal prov på dette bringast med under transporten og visast fram på oppmoding fra oppsynet.

§ 5.Forholdet til grunneigarar

Løyve i medhald av denne vedtekta endrar ikkje grunneigaren sin rett etter gjeldande rettsreglar til å setje forbod mot eller avgrense motorferdsle på sin eigedom.

§ 6.Straff

Naturvernlova sine reglar om straff nyttast når ein aktlaust eller forsettleg bryt reglane i denne lova.

§ 7.Iverksetjing

Vedtekta trer i kraft straks, og skal gjelde ut året 1991.

Samstundes vert førebels vedtekt om motorferdsle innanfor Hardangervidda nasjonalpark oppheva.