Forskrift om vern av Flostranda naturreservat, Stryn kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-09-13-649
PublisertII 1991 248
Ikrafttredelse13.09.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlostranda naturreservat, Stryn kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Flostranda naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 13. september 1991. Fremja av Miljøverndepartementet. 

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit edellauvskogsområde på nordsida av Strynevatnet i Stryn kommune i Sogn og Fjordane, verna som naturreservat ved kgl.res. av 13. september 1991 under namnet Flostranda naturreservat.

II

Det verna området femnar om heile eller delar av følgjande gnr/bnr: 3/1, 4/1, 5/1, 5/2, 5/4, 6/1, 6/2, 6/3, 6/4, 7/1, 7/2, 7/3, 7/4, 7/5, 7/6, 7/7, og 7/9.

Reservatet dekkjer eit areal på 1791 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet juli 1991. Kartet og verneforskrifter finst i Stryn kommune, hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka etter nærare rettleiing frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med vernet er å ta vare på eit edellauvskogsområde med særs gode lokalklima- og jordbotntilhøve som står i ei særstilling i Noreg på grunn av storleiken, artsrikdomen og mangfoldet i skog- og vegetasjonstypar.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, her medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydeleggjing, med unnatak av det som kjem av fri ferdsle eller tiltak i medhald av punkta V - VIII.
2.Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Granplanting og treslagskifte er ikkje tillate.
3.Det må ikkje settjast i verk tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som til døme oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, campingvogner o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrleggjing, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel.

Opplistinga er ikkje uttømmande.

4.Motorisert ferdsle er forbode. Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:
1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Tradisjonell beiting. Forvaltningsstyresmakta kan fastsetje reglar for beite i reservatet dersom dette er naudsynt for å unngå vesentlege skade eller endringar i vegetasjonen.
5.Bruk av området i samsvar med dei dispensasjonane som forvaltningsstyresmaktene har gjeve medan området har vore mellombels verna, inntil det ligg føre godkjend forvaltningsplan for området.
6.Rydding under og vedlikehald av eksisterande kraftline.

VI

Forvaltningsstyremakta kan gje løyve til:

1.Vegsikringstiltak langs fylkesveg 722 som utgjer sørgrensa av reservatet.
2.Omleggjing av eksisterande kraftline.
3.Hogst og annan tradisjonell bruk av området, og motorferdsle i samband med dette.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre skjøtseltiltak i samsvar med føremålet med vernet, herunder fjerne gran og eventuelt andre framande treslag i området. Det vert laga forvaltningsplan med nærare retningsliner for utføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjere unnatak frå verneforskriftene når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særlege høve når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av verneforskriftene er lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.