Forskrift om vern av Jostedalsbreen nasjonalpark, Luster, Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-10-25-691
PublisertII 1991 275
Ikrafttredelse25.10.1991
Sist endretFOR-1998-06-18-494
Endrer
Gjelder forJostedalsbreen nasjonalpark, Luster, Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§3, jf. LOV-1970-06-19-63-§4og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Jostedalsbreen nasjonalpark

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 25. oktober 1991. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra 18 juni 1998 nr. 639.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr 63 § 3, jfr § 4 og §§ 21, 22 og 23, er det ved kongeleg resolusjon av 25. oktober 1991, endra ved kgl. res. av 18. juni 1998, verna eit område i kommunane Luster, Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn i Sogn og Fjordane fylke som nasjonalpark under namnet «Jostedalsbreen nasjonalpark».

II

Nasjonalparken femner om størstedelen av Jostedalsbreen statsallmenning, heile Myklebustbreen statsallmenning, Svardals/Steindalsbreen statsallmenning og Grovabreen statsallmenning.

Det samla arealet er ca 1310 km². Av dette ligg omlag 370 km² på privat grunn.

I tillegg til statsgrunn femner nasjonalparken om delar av følgjande gnr/bnr:

Luster kommune: 131/1, 132/2, 131/3, 131/4, 131/5, 131/6, 131/7, 131/8, 131/9, 131/11, 132/1, 132/2, 132/3, 132/4, 132/5, 132/6, 132/7, 132/8, 132/9, 132/10, 132/11, 132/12, 132/13, 132/14, 132/15, 132/16, 132/23, 132/24, 132/25, 132/26, 132/29, 132/30, 132/31, 132/32, 132/37, 132/43, 132/44, 132/45, 132/46, 132/47, 132/48, 132/49, 132/50, 132/51, 132/53, 132/54, 132/57, 132/58, 132/60, 132/61, 132/62, 132/63, 132/64, 132/65, 132/66, 133/1, 133/2, 133/4, 133/5, 133/6, 133/7, 133/8, 133/9, 133/10, 133/11, 133/12, 133/13, 133/14, 133/15, 133/16, 133/17, 133/18, 133/23, 133/24, 186/2, 186/7, 186/8, 186/10, 188/1, 188/2, 188/3, 188/4, 188/5, 188/6, 188/7, 188/8, 188/9, 188/10, 188/11, 188/12, 189/1, 189/2, 189/3, 189/4, 189/5, 191/1, 191/2, 193/1, 193/2, 193/4, 193/5, 194/1, 194/2, 194/3, 194/4, 194/5, 194/6, 194/10, 194/11, 201/1, 201/2, 202/1, 202/2, 202/3, 202/4, 202/5, 202/7, 202/8, 202/10, 202/12, 203/1, 203/2, 203/3, 203/4, 204/1, 204/2, 204/3, 204/4, 204/5, 204/6, 204/7, 204/8, 205/1, 205/2, 205/3, 205/4, 205/5, 208/1, 208/2, 208/3, 208/4, 208/5, 208/6, 209/1, 209/2, 209/3, 210/1, 210/2, 210/3, 210/4, 210/5, 211/1, 211/2, 211/3, 211/4, 211/5, 211/6.

Sogndal kommune: 48/1, 48/3, 48/7, 49/1, 49/2, 50/1, 51/1, 51/2, 51/12, 51/13.

Balestrand kommune: 53/1, 53/2, 53/5, 53/8, 53/10, 53/13, 53/14, 53/15, 53/16, 53/17, 53/18, 53/19, 53/20, 53/21, 53/23, 53/26, 53/28, 53/29, 53/33, 53/35, 54/1, 55/1, 55/2, 55/3, 55/4, 55/5, 55/6, 57/1, 57/2, 57/3, 58/1, 58/2, 60/1.

Førde kommune: 3/1, 3/2, 3/3, 3/4, 3/5.

Jølster kommune: 16/1, 16/2, 16/3, 16/4, 16/6, 16/8, 19/1, 19/2, 19/3, 19/4, 19/5, 19/6, 19/7, 19/8, 19/9, 19/10, 19/11, 19/12, 19/13, 19/15, 19/16, 20/1, 20/2, 20/4, 20/5, 20/6, 21/1, 21/2, 21/3, 21/4, 21/5, 21/6, 21/7, 21/8, 21/9, 21/10, 21/11, 23/1, 23/2, 23/3, 23/4, 23/5, 23/6, 23/7, 23/8, 23/9, 23/10, 23/11, 23/12, 23/13, 23/14, 23/15, 23/16, 24/1, 25/1, 25/2, 25/3, 25/4, 25/5, 25/6, 27/1, 27/2, 27/3, 27/4, 27/5, 27/6, 32/1, 32/2, 32/3, 33/1, 33/2, 33/3, 36/1, 36/2, 36/3, 36/4, 36/5, 36/6, 36/7, 36/8, 36/9, 36/10, 36/11, 36/12, 36/13, 36/14, 36/15, 36/16, 36/17, 36/20, 36/22, 36/23, 36/24, 36/25, 36/26.

Gloppen kommune: 98/1, 98/2, 98/3, 98/4, 98/5, 98/6, 98/7, 98/8, 98/10.

Stryn kommune: 12/1, 13/1, 13/2, 13/3, 13/5, 13/6, 13/7, 13/8, 13/9, 13/12, 13/13, 13/19, 13/21, 17/1, 17/2, 17/3, 17/4, 17/5, 17/7, 17/8, 17/10, 17/11, 17/14, 17/15, 18/1, 18/2, 18/3, 18/4, 18/5, 18/6, 18/7, 18/8, 18/9, 18/10, 18/11, 18/12, 18/13, 18/14, 18/15, 20/1, 20/2, 20/3, 20/4, 20/5, 21/1, 21/2, 21/3, 21/4, 21/5, 21/6, 21/7, 21/8, 21/10, 21/11, 21/12, 21/13, 21/14, 22/1, 22/2, 22/3, 22/4, 22/5, 23/1, 23/2, 23/3, 23/4, 24/1, 24/2, 25/1, 25/2, 25/3, 25/4, 26/1, 26/2, 26/3, 26/4, 27/1, 27/2, 28/1, 28/2, 29/1, 29/2, 29/3, 29/4, 29/5, 29/7, 29/8, 29/10, 30/1, 30/2, 30/3, 30/4, 31/1, 31/2, 31/3, 31/4, 31/5, 31/7, 31/8, 71/1, 71/2, 72/1, 73/1, 73/3, 73/4, 73/6, 73/7, 73/8, 74/1, 74/2, 75/1, 75/2, 76/1, 77/1, 77/2, 77/3, 77/4, 77/5, 77/6, 77/7, 77/8, 77/9, 78/1, 78/2, 78/3, 79/1, 79/2, 79/3, 80/1, 80/4, 80/5, 80/7, 80/8, 80/9, 97/1, 97/2, 97/3, 97/4, 97/5, 97/6, 97/7, 97/8, 97/9, 98/1, 98/2, 99/1, 99/3, 100/1, 101/1, 101/3, 102/2.

Grensene for nasjonalparken går fram av kart i målestokk 1:100.000 datert Miljøverndepartementet oktober 1991 og juni 1998.

Kartet og verneforskriftene finst i Luster, Sogndal, Balestrand, Førde, Jølster, Gloppen og Stryn kommunar, i Sogn og Fjordane fylkeskommune, hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene for nasjonalparken skal om mogleg avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med nasjonalparken er:

-å verne eit stort, variert og verdfullt breområde med tilhøyrande område frå lågland til høgfjell, med plante- og dyreliv og geologiske førekomstar i naturleg eller i det vesentlege naturleg tilstand.
-å gje høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging.
-å verne om kulturminne og kulturlandskap.

IV

For nasjonalparken gjeld følgjande reglar: 

1. Landskapet
1.1. Landskapet er verna mot alle inngrep, mellom anna oppsetjing av bygningar, gjerde og anlegg, bygging av vegar, bergverksdrift, regulering av vassdrag, graving og påfylling av masse, sprenging og boring, drenering og anna form for tørrlegging, framføring av luft- og jordleidningar, nydyrking, bakkeplanering, nyplanting, bygging av bruer og klopper, merking av stigar og løyper o.l. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Det er forbode å bryte laus stein, mineralar eller fossilar. Det same gjeld uttak av slikt materiale for sal. Uttak av stor stein eller stein i store mengder er også forbode.

1.2 Reglane i pkt. 1.1 er ikkje til hinder for:
-at eksisterande bygningar og anlegg m.v. kan haldast ved like i tråd med byggjeskikken på staden, men ikkje endrast, byggjast om eller utvidast,
-vedlikehald av eksisterande vegar, luftleidningar, vatningsanlegg og andre innretningar som er naudsynte for drift av setrar, turlagshytter m.m.,
-vedlikehald av eksisterande stiar og løyper med bruer, klopper, vardar, merking, skilt og vegvisarar o.l. Forvaltningsstyresmakta kan nekte slikt vedlikehald når det av omsyn til føremålet med vernet er ønskjeleg å redusere ferdsla i einskilde område,
-regulering av Trollavatn (988 moh) som ligg delvis innafor vernegrensa i Jølster kommune, i samband med eventuelle utbyggingstiltak utanfor nasjonalparken dersom dette vassdragsprosjektet blir plassert i kategori I i Samla Plan for vassdrag.
1.3 Forvaltningsstyresmakta, eller den som får fullmakt til det kan når særlege grunnar ligg føre gje løyve til:
-byggje, ombyggje, utvide, eller endre bygningar m.m. som nemnd under pkt 1.2. Bygningane skal vere i tråd med tradisjonell byggjeskikk på staden og tilpassast landskapet i området,
-oppføring av bygningar og anlegg i samband med oppsyn,
-bygging av bruer og klopper,
-merking og rydding av nye stiar og løyper, og oppsetjing av skilt og vegvisarar.

Det kan stillast vilkår for løyve som blir gjevne etter pkt 1.3. 

2. Plantelivet
2.1 Vegetasjonen, også daude tre og buskar, er verna mot all slags skade og øydelegging som ikkje kjem av vanleg ferdsle og tradisjonell beiting i utmark.

Nye planteartar må ikkje innførast. Treslagskifte og granplanting er ikkje tillate.

2.2 Reglane i pkt 2.1. er ikkje til hinder for:
-bruk av nedfalle virke og tørre kvistar til bål på staden,
-plukking av bær og matsopp og plukking av vanlege blomar og friske kvistar til eige bruk,
-uttak av trevirke (plukkhogst) til brensel for hytter i nasjonalparken.
2.3 Forvaltningsstyresmakta eller den som får fullmakt til det, kan gje grunneigaren løyve til:
-uttak av trevirke til brensel til eige bruk i nærare avgrensa område,
-rydding av beite i nærare avgrensa område,
-rydding av dyretrakk (beitesti).

Det kan stillast vilkår for løyve som vert gjeve etter pkt 2.3. 

3. Dyrelivet

Jakt er tillate etter viltlova sine reglar. Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfiskelova.

3.1 Nye dyreartar må ikkje innførast.

Nye fiskeartar eller næringsdyr for fisk må ikkje innførast utan løyve etter pkt 3.2.

3.2 Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
-ny innføring av artar som lokalt er utrydda,
-tiltak for fremjing av fiske, når slike tiltak elles ikkje strir mot føremålet med vernet. 
4. Motorferdsle
4.1 Motorferdsle på land og i vatn, også landing med luftfartøy, er forbode. Som landing reknast òg om eit luftfartøy hentar eller set av folk eller gods medan det står stille i lufta.

Lågtflyging mindre enn 300 m over bakken er forbode.

4.2 Reglane i pkt 4.1 er ikkje til hinder for:
-motorferdsle i samband med politi-, ambulanse- og redningsteneste,
-motorferdsle i samband med forvaltning, tilsyn, skjøtsel og sikringsarbeid med heimel i lov,
-motorferdsle i samband med militær, operativ verksemd.
-lågtflyging under 300 m over bakken dersom akutte vertilhøve krev det for å sikre tryggleiken.

Øvingskøyring for ovannemnde føremål er ikkje tillate.

Det skal gjevast skriftleg melding til forvaltningsstyresmakta etter at motorferdsle i samsvar med pkt 4.2 har funne stad.

4.3 Forvaltningsstyresmakta eller den som får fullmakt til det kan gje løyve til:
-motorferdsle i samband med husdyrhald og vedhogst,
-motorferdsle for transport av materialar til hytter, klopper m.m., og av brensel, utstyr og proviant til hytter og buer,
-motorferdsle i samband med vitskaplege granskingar etter oppdrag frå granskingsinstitusjon,
-motorferdsle i samband med øving i redning frå bresprekk.

Før eventuelt løyve vert gjeve skal trongen for transport vurderast mot moglege skadar og ulemper og i høve til eit mål om å redusere motorferdsla til eit minimum. Andre transportmetodar og kombinasjonar av fleire transportoppdrag skal òg vurderast.

Det kan stillast vilkår for løyve som vert gjeve etter pkt 4.3. 

5. Ureining
5.1 Ureining og forsøpling er forbode. Avfall skal takast med ut av området. Det må ikkje nyttast kjemiske midlar, medrekna kalking av vatn og bruk av kunstgjødsel som kan påverke naturmiljøet.
5.2 Unnateke frå reglane i pkt 5.1 er utslepp som det er gjeve løyve til etter ureiningslova.
5.3 Forvaltningsstyresmakta eller den som får fullmakt til det, kan gje løyve til brenning av avfall frå hytter. 
6. Ferdsle og annan aktivitet

All ferdsle og aktivitet skal vere omsynsfull og varsam slik at ein ikkje skadar natur- og kulturverdiar, uroar vilt eller er til ulempe for andre.

Idrettsarrangement og jaktprøver i nasjonalparken er forbode. Turlagsverksemd, naturguiding, turguiding, breføring, kurs m.m. er tillate dersom det ikkje strir mot vernereglane.

Ferdsle i samband med militær, operativ verksemd er tillate.

V

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan sette i verk tiltak for fremje føremålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for gjennomføring av tiltak når det gjeld forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon og rådgjeving.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjere unnatak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege granskingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, eller i andre særlege høve når dette ikkje strir mot føremålet med vernet.

VII

Forvaltninga av forskriftene er lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

VIII

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.