Forskrift om freding av Nærøyane naturreservat og fuglefredingsområde, Flora kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-942
PublisertII 1991 354
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forNærøyane naturreservat og fuglefredingsområde, Flora kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§9og§14, jf. LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Nærøyane naturreservat, Flora

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, § 9 og § 14, 2. ledd, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Nærøyane i Flora kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat og fuglefredingsområde ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Nærøyane naturreservat og fuglefredingsområde.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 11/1, 2, 3, 7, 8, 9, 15, 17, 18, 21, 24, 25, og 26.

Naturreservatet og fuglefredingsområdet dekkjer til saman eit areal på om lag 4.240 da. Av dette er omlag 1.370 da landareal, fordelt med omlag 690 da landareal på reservatet og omlag 680 da landareal på fuglefredingsområdet. Det resterande arealet er saltvatn.

Grensene for naturreservatet og fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Flora kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet og fuglefredingsområdet skal avmerkast i marka der det er mogleg, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig skjergards- og gruntvassområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til den store verdien området har som trekk- og overvintringslokalitet for våtmarksfugl og som typeområde for atlantisk lynghei.

IV

For naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (medrekna sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse over eller under havflata, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorisert ferdsel på land og lågtflyging under 300 m over reservatet er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellfly. Bruk av seglbrett er forbode i reservatet.
6.I tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august er all ilandstigning og ferdsel på land og sjø ut til 50 m frå land forbode.

For fuglefredingsområdet gjeld følgjande vernereglar :

7.Vegetasjon som er viktig for fuglane sitt livsmiljø, både på land og i sjø, er freda mot alle former for skade og øydelegging som t.d. taretråling.
8.Fuglar, også reir og egg, er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
9.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva eller gjere fuglane sitt livsmiljø ringare, som t.d. drenering og anna form for tørrlegging, uttak eller oppfylling av masse over eller under havflata, ny utføring av kloakk eller andre tilførsler konsentrerte ureiningar, tømming av avfall og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
10.Motorisert ferdsel på land og lågtflyging under 300 m over fuglefredingsområdet er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellfly.

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Drift og vedlikehald av Kystverket og Televerket sine anlegg, og vedlikehald av eksisterande kraftlinjer.
3.Tradisjonell slått og beiting.
4.Fiske og ferdsel av grunneigarar/heimelshavarar og yrkesfiskarar i samband med fiske og utøving av fiske, t.d. feste av fastståande fiskereiskapar o.l., også i tida med ferdselsforbod.
5.Sanking av bær og matsopp, utanom tida med ilandstigingsforbod i reservatet.
6.Jakt på hjortedyr.
7.Ordinært vedlikehald, tilsyn og opphald ved grunneigarar på sine eigedomar, også i tida med ilandstigingsforbod i reservatet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Rydding og evt. brenning av vegetasjon m.v. i medhald av godkjent forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.
3.Vedlikehald av eksisterande grøfter som drenerer jordbruksareal, i samråd med forvaltningsstyresmakta.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.