Forskrift om freding av Sakrisøy naturreservat, Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-945
PublisertII 1991 361
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forSakrisøy naturreservat, Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Sakrisøy naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Sakrisøy i Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Sakrisøy naturreservat.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 40/1, 2 og 3.

Reservatet dekkjer eit areal på om lag 1.885 da. Av dette er om lag 675 da landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Hyllestad kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal der det er mogleg, avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig marint øy- og gruntvassområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til området sin verdi som overvintrings- og hekkelokalitet for våtmarksfugl.

IV

For reservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse over eller under havflata, nye utslepp av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorisert ferdsel på vatn og land, og lågtflyging under 300 m over reservatet, er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.
6.I tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august er all ferdsel i reservatet forbode.

V

Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for :

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av kraftliner og sjøkablar.
3.Yrkesfiske og bruk av motorbåt i samband med dette.
4.Ordinært vedlikehald, ferdsel og opphald på Luten ved eigaren av hytta med familie og naudsynt bruk av motorbåt i samband tilkomst til hytta.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til :

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Tradisjonelt beite.
3.Rydding og eventuelt brenning av vegetasjon m.v. i medhald av godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i særlege tilfelle når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.