Forskrift om freding av Aksevatnet fuglefredingsområde, Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-947
PublisertII 1991 365
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forAksevatnet fuglefredingsområde, Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 14 og § 9, jf. LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Aksevatnet fuglefredingsområde

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø ved Hyllestad i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke, freda ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Aksevatnet fuglefredingsområde.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 57/felles, 57/2, 5, 7, 9, 58/1, 2, 4, 6, 7, 8, 68/1, 2, 3, 4, 7 og 80/2.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på omlag 1.160 da.

Av dette er omlag 140 da landareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Hyllestad kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal avmerkast i marka, knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på det rike fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i eit viktig våtmarksområde som har særleg verdi som trekk- og hekkelokalitet for våtmarksfugl.

IV

For fuglefredingsområdet gjeld følgjande vernereglar :

1.Vegetasjonen som er viktig for fuglane sitt livsmiljø, er freda mot alle former for skade og øydelegging.
2.Fuglar, reir og egg, er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva eller gjere fuglane sitt livsmiljø ringare, som t.d. drenering og anna form for tørrlegging, uttak eller oppfylling av masse, ny utføring av kloakk eller andre tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel på vatn og på land, og lågtflyging under 300 m over fuglefredingsområdet er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly.

Bruk av seglbrett er forbode sør for ei line mellom neset nord for Rossevik og den nordlegaste holmen i vatnet, og i nordlegaste vik, mellom Birkeland og Akse, nord for ei line fra neset ved campingplassen til næraste nes på andre sida (jf. kart).

5.På holmane i vatnet er all ferdsel forbode i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august.

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av eksisterande kraftliner og telefonliner.
3.Tradisjonell beiting og naudsynt bruk av gjetarhund.
4.Vedlikehald av eksisterande grøfter som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal i samråd med forvaltningsstyresmakta.
5.Motorferdsel på land og vatn i samband med næringsverksemd i jord- og skogbruk.
6.Jakt på hjortedyr, rev og mink.
7.Bruk av hund under kontroll i samband med utøving av jakt.
8.Sanking av bær og matsopp.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
3.Kontrollert uttynning/høgdereduksjon av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vatningsanlegg og utslepp av kloakk, oppføring av gjerde m.v.
5.Opparbeiding av grøfter for drenering av tilgrensande areal.
6.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjend forvaltningsplan,, eller når føremålet med fredinga tilseier det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.