Forskrift om freding av Vetlefjordsøyra naturreservat, Balestrand kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-1991-12-20-949
PublisertII 1991 370
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endretFOR-2015-03-30-321
Endrer
Gjelder forVetlefjordsøyra naturreservat, Balestrand kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Vetlefjordsøyra naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 30 mars 2015 nr. 321.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Vetlefjorden i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Vetlefjordsøyra naturreservat.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 27/1, 33/1, sameige.

Reservatet dekker eit areal på omlag 172 da, av dette er omlag 57 da landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000 datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Balestrand kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 30 mars 2015 nr. 321.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til deltaområdet som naturtype (geomorfologisk og med rikt utvikla strandeng) og området sin verdi for våtmarksfugl i trekktida.

IV

For reservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorferdsel på vatn og land, og lågtflyging under 300 m over reservatet, er forbode. Dette gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.
6.All ferdsel er forbode i reservatet i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august.

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av eksisterande vegar og gjerde.
3.Jordbruksdrift på eksisterande fulldyrka jord (jfr. økonomisk kart A5 077-5-1 etter fotogram år 1972) medrekna pløying og bruk av kunstgjødsel.
4.Vedlikehald av eksisterande grøfter som drenerer tilgrensande jordbruksareal, i samråd med forvaltningsstyresmakta.
5.Motorferdsel på private og offentlege vegar. Motorferdsel på land i samband med næringsverksemd.
6.Ferdsel ved grunneigarar i samband med næringsverksemd.
7.Fiske og bruk av motorbåt i samband med fiske.
8.Ferdsel med båt til kaier ved Eiki og til kai og naust ved Ulvastad. Dette skal skje langs kortaste rute og utan unødig opphald i naturreservatet.
0Endra med forskrift 30 mars 2015 nr. 321.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Tradisjonell slått og beite.
3.Opparbeiding av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
4.Rensing av elveløp og kilar.
5.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
6.Legging av leidningar for kloakk- og vatningsanlegg, oppføring av gjerde m.v.
7.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjent forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.