Forskrift om fredning av Bøyaøyra naturreservat, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-950
PublisertII 1991 372
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endretFOR-2004-08-13-1190
Endrer
Gjelder forBøyaøyra naturreservat, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Bøyaøyra naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra 13 aug 2004 nr. 1190.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde inst i Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Bøyaøyra naturreservat.

0Endra ved forskrift 13 aug 2004 nr. 1190.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 53/1, 2, 5, 13, 19 og 61/1.

Reservatet dekker eit areal på om lag 230 daa, av dette er om lag 94 daa landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Sogndal kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra ved forskrift 13 aug 2004 nr. 1190.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til deltaområdet som naturtype (geomorfologisk og med rikt utvikla strandeng) og området sin verdi for våtmarksfugl i trekktida.

IV

For reservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorisert ferdsel på vatn og land, og lågtflyging under 300 m over reservatet, er forbode. Dette gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.
6.All ferdsel i reservatet er forbode i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august.

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av eksisterande vegar og gjerde.
3.Jordbruksdrift på eksisterande fulldyrka jord jf. økonomisk kartverk AT-080-5-4, ajourført etter flyfoto frå 1988, medrekna pløying og bruk av kunstgjødsel.
4.Tradisjonell slått og beite.
5.Vedlikehald av eksisterande grøfter som drenerer tilgrensande jordbruksareal, i samråd med forvaltningsstyresmakta.
6.Motorferdsel på land i samband med næringsverksemd i jordbruk.
7.Ferdsel ved grunneigarar i samband med næringsverksemd.
8.Fiske og bruk av motorbåt i samband med dette.
9.Nødvendig vedlikehold av eksisterende elveforbygninger. Forvaltningsmyndigheten skal ha melding før tiltak iverksettes.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Opparbeiding av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Legging av leidningar for kloakk- og vatningsanlegg, oppføring av gjerde m.v.
5.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjent forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.