Forskrift om freding av Askvika naturreservat, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-952
PublisertII
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane fylke
HjemmelL19.06.1970 nr. 63 § 8 jf § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Askvoll

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde ved Askvoll i Askvoll kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Askvika naturreservat.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 16/1, 2, 3, 4, 24/2, 4, 5, 8, 9, 12, 13, 18, 25/1, 2, 3, 5, 8, 9, 25/felles, 26/3, 27/1, 2, 8, 9, 10, 12, 17, 20, 21, 25, 29/1, 4, 5, 30/1, 2, 5, 36, 37.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 1.350 da. Av dette er omlag 60 da landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20.000, datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Askvoll kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv. Det er spesielt viktig å verne om det rike fuglelivet, den godt utvikla strandenga på Leira, og den spesielle og sjeldsynte naturtypen som området representerer.

IV

For reservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakk leidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorisert ferdsel på vatn og land, og lågtflyging under 300 m over reservatet, er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av eksisterande gjerde, vegar og kraftliner.
3.Vedlikehald av eksisterande grøfter som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal i samråd med forvaltningsstyresmakta.
4.Motorferdsel på private og offentlege vegar.
5.Bruk av motorbåt i samband med busetnad og næringsverksemd.
6.Jakt på hjortevilt.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Opparbeiding av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vatningsanlegg, oppføring av gjerde m.v.
5.Tradisjonelt beite.
6.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.
7.Tiltak for å betre gjennomstraumingstilhøva ved brua over Straumane.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskapelege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.