Forskrift om freding av Sørværet naturreservat, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-953
PublisertII 1991 378
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Sørværet naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 20 okt 2000 nr. 1049, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Værlandet i Askvoll kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Sørværet naturreservat. Med heimel i kgl.res. av 3. juli 1987, jf. Miljøverndepartementets vedtak av 3. november 1988 om delegering av myndigheit til Direktoratet for naturforvaltning, er forskriften og avgrensninga for Sørværet naturreservat endra ved kgl.res. av 20. oktober 2000.

0Endra med forskrift 20 okt 2000 nr. 1049.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 60/2, 3, 4, 5, 6, 13, 15, 18, 19, 20, 33, 107.

Reservatet dekkjer eit areal på om lag 7800 da. Av dette er om lag 3190 da landareal. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:15.000, datert Miljøverndepartementet oktober 2000. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Askvoll kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal der det er mogleg avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 20 okt 2000 nr. 1049.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig skjergards- og våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv. Det er særleg viktig å verne om området sine mange funksjonar for fuglelivet, og myrområda som naturtype. I tillegg er det viktig å ta vare på dei geologiske verneinteressene knytta til devonsk sandstein.

IV

For reservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, inngrep i berggrunnen, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorisert ferdsel på land og lågtflyging under 300 m over reservatet, er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett og seglbåt er forbode i området med ilandstigingsforbod (jf. pkt. IV.6 og grense på kart).
6.I tida f.o.m. 1. april t.o.m. 1. august er ilandstiging på holmane sør for ei line aust vest mellom sørspissen på Kjerringa og sørspissen på Nordre Leiaskjera forbode (jf. grense på kart).

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg. Vedlikehald av eksisterande gjerde.
3.Tradisjonelt beite. Kalkgjødsling på holmane og på Austneset vest for ei line mellom Kringlevågen og grensemerka mellom gnr./bnr. 60/20 og 60/18, 19 på sørsida av Austneset (jf. grense på kart).
4.Fiske og ferdsel av grunneigarar/heimelshavarar og yrkesfiskarar i samband med fiske og utøving av fiske, t.d. feste av fastståande fiskereiskap o.l., også i tida med forbod mot ilandstiging.
5.Ferdsel på holmane for grunneigarar i samband med tilsyn av dyr på beite, også i tida med ilandstigningsforbod.
6.Sanking av bær og matsopp.
7.Sanking av rekved m.v. i strandsona.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.
3.Forsøk med havbeite av stadeigne fiskebestandar.
4.Hausting av tang og tare.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Miljødirektoratet fastsetter kven som er forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

0Endra med forskrifter 20 okt 2000 nr. 1049, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

X

Forskrifta trer i kraft straks.