Forskrift om freding av Skilbreivatnet naturreservat, Gaular kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-955
PublisertII 1991 383
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkilbreivatnet naturreservat, Gaular kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Skilbreivatnet naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved Skilbrei i Gaular kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Skilbreivatnet naturreservat.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 105/1, 3, 4, 5, 106/1, 2, 3, 5, 6, 7, 8, 10, 21, 110/3.

Reservatet dekkjer eit areal på om lag 660 da. Av dette er om lag 30 da landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Gaular kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til område som sin verdi som trekk- og hekkelokalitet for våtmarksfugl.

IV

For reservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt, hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, telting og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorisert ferdsel på vatn og land, og lågtflyging under 300 m over reservatet, er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av eksisterande kraftliner og gjerde.
3.Vedlikehald av eksisterande grøfter og kanalar som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, i samråd med forvaltningsstyresmakta.
4.Tradisjonelt beite og naudsynt bruk av gjetarhund.
5.Sanking av bær og matsopp.
6.Jakt på hjortedyr.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Opparbeiding av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vatningsanlegg, bygging av naust, oppføring av gjerde m.v.
5.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med vernet tilseier det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.