Forskrift om freding av Bukta fuglefredingsområde, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-960
PublisertII 1991 993
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endretFOR-2014-03-05-237
Endrer
Gjelder forBukta fuglefredingsområde, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Bukta fuglefredingsområde

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 5 mars 2014 nr. 237.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd og § 9, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø ved Sandane i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylke, freda som fuglefredingsområde ved kgl.res. av 20. desember 1991 under namnet Bukta fuglefredingsområde. <

0Endra med forskrift 5 mars 2014 nr. 237.

II

Det freda området omfattar følgjande gnr./bnr.: 4/1, 5/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 19, 25, 26, 27, 28, 6/1, 2, 7/1, 2, felles.

Fuglefredingsområdet dekkjer eit areal på om lag 495 da. Av dette er om lag 5 da landareal.

Grensene for fuglefredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:4 000, datert Miljødirektoratet mars 2014. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Gloppen kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglefredingsområdet skal avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast. <

0Endra med forskrift 5 mars 2014 nr. 237.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til området sin verdi som trekk- og overvintringslokalitet for våtmarksfugl.

IV

For fuglefredingsområdet gjeld følgjande vernereglar:

1.Vegetasjonen som er viktig for fuglane sitt livsmiljø, er freda mot alle former for skade og øydelegging.
2.Fuglar, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing.
3.Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
4.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva, eller gjere fuglane sitt livsmiljø ringare gjennom t.d. drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
5.Lågtflyging under 300 m over fuglefredingsområdet er forbode. Forbodet gjeld og bruk av modellfly. Bruk av motorbåtar, modellbåtar, seglbåtar og seglbrett er forbode i tida f.o.m. 1. september t.o.m. 30. april.
0Endra med forskrift 5 mars 2014 nr. 237.

V

Vernereglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og gjerde.
3.Vedlikehald av eksisterande grøfter som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, i samråd med forvaltningsstyresmakta.
4.Bruk av motorbåt og sjøfly i samband med etablert næringsverksemd.
5.Lågtflyging under 300 m i samband med start og landing i næringsverksemd for Firdafly A/S.
6.Bruk av motorbåt i samband med tilkomst til naust for grunneigarar og innehavarar av naustrett.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Opparbeiding av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.
4.Framføring av jordkablar og kloakkleidningar o.l.
5.Rydding av lausmassar i elveløpet i medhald av godkjend forvaltningsplan eller når føremålet med fredinga tilseier det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.