Forskrift om fredning av Grønøyra naturreservat, Naustdal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1991-12-20-961
PublisertII 1991 395
Ikrafttredelse20.12.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forNaustdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Grønøyra naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastset ved kgl.res. 20. desember 1991. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23, er eit våtmarksområde ved osen av Nausta i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane fylke, freda som naturreservat ved kgl. res. av 20. desember 1991 under namnet Grønøyra naturreservat.

II

Det freda området omfatter eigedomane gnr. 99, bnr. 1, 3, 4, 42, 45 og 104.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 100 da. av dette ca. 30 da landareal.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:5.000 datert Miljøverndepartementet desember 1991. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Naustdal kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka der dei går over land, knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å verne eit marint deltaområde med vegetasjon, fugleliv og anna dyreliv som naturleg er knytt til denne naturtypen. Særskilt er målet å verne om plantearten stilkvasshår i eit miljø som denne arten er tilpassa.

IV

For reservatet gjeld følgjande vernereglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (inkludert sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode.

Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.

3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetjing av campingvogner, o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar, kloakk- og vassleidningar, bygging av vegar, drenering og andre former for tørrlegging, uttak, oppfylling , planering og lagring av masse, ny tømming av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Lista er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel på land og på vatn, og lågtflyging under 300 m er forbode. Forbodet gjeld og bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.
5.Camping, telting og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.

V

Reglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsærend.
2.Tradisjonell slått (dvs. utan bruk av motorisert reiskap) og beite.
3.Vedlikehald av eksisterande kraftline.
4.Grunneigarane sin bruk av motorbåtar i området, og ordinær bruk av eksisterande båtplassar. Farten skal ikkje overstige 5 knop.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
3.Vedlikehald av tidlegare opptekne grøfteavlaup som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal.
4.Kontrollert uttynning av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
5.Rydding av vegetasjon m.m. i samsvar med godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga krev det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med fredningsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskapelege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle høve når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta vert lagd til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.