Forskrift om vern av Utvær naturreservat, Solund kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1993-05-28-503
PublisertII 1993 362
Ikrafttredelse28.05.1993
Sist endretFOR-2005-10-07-1186
Endrer
Gjelder forUtvær naturreservat, Solund kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, jfr. § 10 og § 21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Solund

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 28. mai 1993. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra 13 april 1994 nr. 595, 7 okt 2005 nr. 1186.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, 8, jfr. 10 og 21, 22 og 23 er øygruppa Utvær og omliggande sjøareal, med unntak av øya Utvær og nærliggande sjøareal i Solund kommune i Sogn og Fjordane fylke verna som naturreservat ved kgl.res. av 28. mai 1993 under namnet Utvær naturreservat.

II

Det verna området femner om delar av gnr./bnr.: 1/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11.

Reservatet dekkjer eit areal på om lag 11590 da, av dette er om lag 640 da landareal.

Grensene for reservatet er vist på kart i målestokk 1:50.000 med utsnitt av øya Utvær i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet januar 1993. Kartet og verneforskrifta er arkivert i Solund kommune, hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med vernet er å gje sjøfuglane gode og trygge livsvilkår, og å ta vare på ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er verna mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Dyre- og fuglelivet, herunder reirplassar og hiområde er verna mot skade og øydelegging. Bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsettjing av vilt er forbode.
3.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan endre dei naturlege tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, brygger, anlegg og faste innretningar, havbruksanlegg, opplag av båtar o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse over eller under havflata, tømming av avfall, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningstilførsler og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.I tida frå og med 1. april til og med 31. juli er det i reservatet forbod mot ilandstiging og ferdsel på alt landareal, inkludert øyar, holmar og skjer, og i ei sone ut til omlag 10 meter frå land. Båtcamping og sportsdykking i 10 m sona, camping, teltslåing og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Lågtflyging under 300 m er forbode.

V

Reglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær, operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd.
2.Drift og vedlikehald av Kystverket og Televerket sine anlegg, eksisterande kraftliner og sjøkablar og ferdsel i samband med dette.
3.Tradisjonelt sauebeite, og naudsynt ferdsel i samband med tilsyn av beitedyr, gjødsling av beite og vedlikehald av eksisterande gjerde m.v.
4.Allmenn ferdsel i oppmerka skipslei og naudsynt ferdsel med båt i samband med yrkesfiske for manntalsførte fiskarar med fiskeregistrerte båtar, og grunneigarar/heimelshavarar i samband med utøving av gjeldande fiskerettar i tida med ferdselsforbod.
5.Bær-, sopp- og blomsterplukking utanom tida med ferdselsforbod.
6.Fiske, og fjerning av marine, virvellause dyr for hand, etter gjeldande lover og forskrifter når utøvaren ikkje er omfatta av ferdselsforbodet.
0Endra med forskrifter 13 april 1994 nr. 595, 7 okt 2005 nr. 1186.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som valdar vesentleg skade.
2.Rydding av vegetasjon m.v. når det ikkje strir mot føremålet med vernet og er i samsvar med godkjent forvaltningsplan.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den som forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtseltiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med vernet tilseier det, for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særskilde høve når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks. Samstundes oppheves kgl.res. av 24. mai 1935 om fredning av fuglelivet på Utvær fyrstasjon med tilliggende statsgrunn i Solund kommune og kgl.res. av 14. august 1953 om fredning av alt fugleliv, egg og unger på holmene Begla, Bakholmen, Tussen, Lyngholmen, Nordre- og Søre- Kvannskjer i Solund kommune.