Forskrift om motorferdsel i utmark, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1993-06-29-1264
PublisertAvd II 1994 Nr. 11
Ikrafttredelse29.06.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsel, Sogndal

Fastsett av Sogndal kommunestyre 16. desember 1993 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5. Stadfesta av fylkesmannen i Sogn og Fjordane 29. juni 1993.

§ 1.Bruk av motorfarty (båtar)

I følgje motorferdsellova § 3 er det eit generelt forbod mot bruk av motorfarty på vatn og vassdrag.

a)Det er lov å bruke motorfarty (motorbåt) med motorstorleik inntil 7 hk på Dalavatnet. Dette gjeld for grunneigarar til bruk under fiske, vedhenting eller anna næringsverksemd.
b)All anna motorferdsel på vatn i Sogndal kommune er i utgangspunktet ulovleg. Dette gjeld ikkje motorferdsel som er tillate med heimel direkte i § 4 første ledd i lova, eller, ved skriftleg søknad, etter særskilt løyve frå kommunen etter § 6 i lova.
§ 2.Bruk av luftfarty (fly, helikopter, motorhangglider m.v.)

I følgje motorferdsellova § 3 er det eit generelt forbod mot landing og start med luftfarty i utmark og vassdrag.

All landing og start med luftfarty i utmark og vassdrag i Sogndal kommune er i utgangspunktet ulovleg. Dette gjeld ikkje motorferdsel som er tillate med heimel direkte i § 4 første ledd i lova, eller ved søknad, etter særskilt løyve frå kommunen etter § 6 i lova.

Forskrifta trer i kraft straks.