Forskrift om freding av Murulonin naturreservat, Nord-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-1993-07-09-663
PublisertAvd II 1993 Nr. 7
Ikrafttredelse09.07.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Nord-Fron

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av. 9. juli 1993. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. §§ 10 og 21, 22 og 23, er eit område i Nord-Fron kommune i Oppland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 9. juli 1993 med namnet Murulonin naturreservat.

II

Fredinga femner om følgjande gnr./bnr.: 225/1, 220/1, 214/1, 221/1, 213/3, 215/1, 222/1, 212/3, 212/17, 212/2, 222/2, 228/4, 231/12, 232/1, 223/6, 407/2.

Det freda arealet er på omlag 3.450 daa. Grensene for naturreservatet framgår av kart i målestokk 1:10.000, datert Miljøverndepartementet juni 1993. Kartet og fredingsføresegnene oppbevarast i Nord-Fron kommune, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit relativt lite påverka barskogområde med hovudsakleg fattige furuskogtypar og eit våtmarksområde med eit rikt og interessant fugleliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar, jfr. kap. V-VII:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting av tre er ikkje tillatt.
2.Dyre- og fuglelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og ødelegging.
3.Det må ikkje settast iverk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av luftledningar, jordkablar og kloakkledningar, bygging av vegar, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, drenering og annan form for tørrlegging, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av naturreservatet er forbode.
5.Motorisert ferdsel til lands og til vanns er forbode. Start og landing med luftfartøy, her medrekna lågtflyging under 300 meter, er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.

V

Reglana i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsaugnemed.
2.Militær lågtflyging.
3.Sanking av bær og matsopp.
4.Beiting som på fredingstidspunktet.

Forvaltningsstyresmakta kan regulere beitetrykket når dette er naudsynt av omsyn til fredingsføremålet.

5.Jakt og fiske.
6.Vedlikehald av kraftledning og gjerde som er i bruk på fredingstidspunktet, her medrekna rydding av vegetasjon i tilknyting til kraftledning.
7.Sanking av små tørrkvist til opptenning av bål.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastsett, kan tillate:

1.Avgrensa tiltak i reservatet for å hindre større skader på omkringliggande skog.
2.Naudsynt motorferdsle i samband med aktivitetar nemnd i kap. V.
3.Vedlikehald av verdifulle kulturminne.
4.Avgrensa bruk av reservatet i undervisningssamanheng.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastsett, kan utføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det bør utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for utføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege granskingar, vidare for arbeid av særleg verdi for samfunnet og i særskilte høve, dersom det ikkje strir med føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsføresegnene vert lagt til Fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene trer i kraft straks.