Forskrift om freding av Uri naturreservat, Vang kommune, Oppland.

DatoFOR-1993-07-09-672
PublisertAvd II 1993 Nr. 7
Ikrafttredelse09.07.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forVang kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Vang

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av. 9. juli 1993. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. §§ 10 og 21, 22 og 23, er eit område i Vang kommune i Oppland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 9. juli 1993 med namnet Uri naturreservat.

II

Fredinga femner om følgjande gnr./bnr.: 56/1, 55/2.

Det freda arealet er på omlag 169 daa. Grensene for naturreservatet framgår av kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet juni 1993. Kartet og fredingsføresegnene oppbevarast i Vang kommune, hos Fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit relativt lite påverka barskogområde med skog- og vegetasjonstypar som er sjeldne i denne regionen

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar, jfr. kap. V-VII:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast. Planting av tre er ikkje tillatt.
2.Dyre- og fuglelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og ødelegging.
3.Det må ikkje settast iverk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av luftledningar, jordkablar og kloakkledningar, bygging av vegar, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, drenering og annan form for tørrlegging, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av naturreservatet er forbode.
5.Motorisert ferdsel er forbode. Start og landing med luftfartøy, her medrekna lågtflyging under 300 meter, er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
7.Bålbrenning er forbode.

V

Reglana i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsaugnemed.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Beiting som på fredingstidspunktet.

Forvaltningsstyresmakta kan regulere beitetrykket når dette er naudsynt av omsyn til fredingsføremålet.

4.Jakt og fiske.
5.Vedlikehald av kraftledningar og gjerde som er i bruk på fredingstidspunktet, her medrekna rydding av vegetasjon i tilknyting til kraftledning.

VI

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastsett, kan tillate:

1.Avgrensa tiltak i reservatet for å hindre større skader på omkringliggande skog.
2.Naudsynt motorferdsle i samband med aktivitetar nemnd i kap. V.
3.Vedlikehald av verdifulle kulturminne.
4.Avgrensa bruk av reservatet i undervisningssamanheng.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta fastsett, kan utføre skjøtselstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det bør utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for utføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege granskingar, vidare for arbeid av særleg verdi for samfunnet og i særskilte høve, dersom det ikkje strir med føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredingsføresegnene vert lagt til Fylkesmannen i Oppland.

X

Desse føresegnene trer i kraft straks.