Forskrift om bruk av snøskuter, Fyresdal kommune, Telemark.

DatoFOR-1993-08-12-961
PublisertAvd II 1993 Nr. 9
Ikrafttredelse23.12.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om bruk av snøskuter, Fyresdal

Fastsett av Fyresdal kommunestyre 12. august 1993 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag § 5. 

1.Det er ikkje tillete med snøskuterkøyring innan kommunen sine villreinområde (jfr. kommuneplanen sin arealdel) i perioden 20. april til 1. november).

I særskilte høve kan dispensasjon gjevast.

2.Det blir ikkje tildela fleire enn eit vedløyve pr. hytte.
3.Søkjarar som ynskjer snøskuterløyve må legge ved kart (M 1:50.000) som syner val av trasé. Kart med traséval og køyreløyve skal alltid vere med under transportoppdrag).
4.Det blir normalt kun gjeve lov til å velgje ein trasé fram og attende til hytta.
5.Søkjaren må sjølv innhente løyve frå grunneigar.