Forskrift om vern av Synesvarden landskapsvernområde med plantelivsfredning, Hå og Time kommune, Rogaland.

DatoFOR-1993-09-17-971
PublisertAvd II 1993 Nr. 9
Ikrafttredelse17.09.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forHå og Time kommuner, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, jfr. § 6, LOV-1970-06-19-63-§13og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om landskapsvernområde, Hå og Time

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 17. september 1993. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5, jfr. § 6 § 13 og §§ 21, 22 og 23, er eit heiområde i Hå og Time kommunar i Rogaland fylke verna som landskapsvernområde med plantelivsfredning ved kgl.res. av 17. september 1993 under namnet Synesvarden landskapsvernområde med plantelivsfredning.

II

Det verna området omfattar omlag 14 km² og dekkjer heile eller delar av følgande gnr./bnr. i Time kommune: 51/2, 51/5, 7, 8, 16, 51/4, 51/1, 14, 51/13, 17.

Hå kommune: 51/11, 51/35, 38, 40, 42, 51/27, 51/14, 51/25, 26, 51/24, 51/23, 51/4, 51/21, 33, 51/18, 51/9, 59/83, 88, 59/83, 59/21, 33, 59/89, 82/9, 11, 82/3, 82/16, 10, 82/8, 20, 83/1, 83/3, 83/6, 83/8, 83/4, 83/12, 83/16, 17, 19, 83/21, 119/3, 119/4, 7.

Grensene for verneområdet går fram av kart i målestokk 1:20.000 datert Miljøverndepartementet juli 1993.

Kartet og verneforskrifta er arkivert i Time og Hå kommunar, hos Fylkesmannen i Rogaland, Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med vernet er å ta vare på eit større jærsk hei-, myr- og utmarksbeitelandskap med eit særmerkt dyre- og planteliv, kulturminne, kvartærgeologiske landskapsformer og område med stor verdi for naturoppleving.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Det må ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller innverka på landskapet sin art eller karakter. I dette er medrekna uttak, utfylling, plassering eller lagring av masse, bortlegging av avfall, vegbygging, drenering eller tørrlegging av område, skogplanting, fjerning av steingjerde eller andre inngrep som kan skada kulturminne, framføring av luftleidningar, oppføring av anlegg og andre innretningar eller bygningar. Opplistinga er ikkje fullstendig.
2.I området med plantelivsfredning er vegetasjonen freda mot alle former for skade og øydeleggjing, medrekna gjødsling, fulldyrking, kalking og bruk av kjemiske sprøytemiddel unntatt det som fylgjer av pkt. V og VI. Nye artar må ikkje innførast.
3.Motorferdsle på land og i vassdrag er forbode, herunder lågtflyging under 300 m og landing med luftfartøy.

V

Reglane i pkt. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Vanleg vedlikehald og drift av eksisterande bygningar, vegar og andre innretningar når dette tilpassas landskap og byggeskikk.
3.Oppsetjing av gjerde, kve o.l. som er naudsynte for husdyrhaldet i området.
4.Beiting. Forvaltningsstyremakta kan fastsetja reglar for beiting i området med plantelivsfredning når dette er naudsynt for å unngå vesentlege skadar eller endringar i vegetasjonen.
5.Felling av tre.
6.Gjødsling og kalking på fastmark i området utan plantelivsfredning samt på dei areala i området med plantelivsfredning som er fastsett av forvaltningsstyresmakta.
7.Naudsynt bruk av motorkjøretøy på dyrka mark, areal som blir gjødsla og på vegar i samband med landbruksverksemd.
8.Plukking av planter som er vanlege i distriktet, bær og matsopp.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyremakta gir fullmakt, kan gi løyve til:

1.Motorferdsel når andre særlege grunnar ligg føre.
2.Nyplanting etter hogst på areal særskild angitt av forvaltningsstyresmakta.
3.Fylgjande tiltak i området med plantelivsfredning.
-Planting av små treklynger til livd for beitedyra i utkanten av området, på areal særskild angitt av forvaltningsstyremakta.
-Opparbeiding av to køyretrasear til området som kan gjødslast ved Snøden og naudsynt skogsveg til eit nærare angitt skogplantefelt.
4.Fylgjande tiltak i området utan plantelivsfredning:
-Opparbeiding av naudsynte landbruksvegar og køyretrasear.
-Fulldyrking der det ikkje skader dei kvartærgeologiske verneinteressene og elles kan tilpassast vassdraga og landskapet.
-Opparbeiding av kulturbeite som ikkje fører til inngrep i grunnen.
-Skogtiltak som ikkje skader dei kvartærgeologiske verneinteressene, og som elles kan tilpassast vassdraga og landskapet.
-Oppføring av bygningar som er naudsynte for landbruksdrifta.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt kan gjennomføra skjøtseltiltak for å fremja verneformålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som inneheld nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå verneforskrifta når føremålet med vernet tilseier det, for vitskaplege granskingar, tiltak av vesentlege samfunnsmessig verd, eller i særlege høve når det ikkje strir mot føremålet for vernet.

IX

Forvaltninga av forskrifta er lagt til Fylkesmannen i Rogaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelda straks.