Forskrift om jaktreglar for sameige gnr. 68 - Havre, Osterøy kommune, Hordaland.

DatoFOR-1993-10-05-984
PublisertAvd II 1993 Nr. 9
Ikrafttredelse23.12.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forOsterøy kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§29, RFOR-1982-04-02-592
Kunngjort
KorttittelForskrift om jaktreglar for Havre, Osterøy

Kapitteloversikt:

Fastsett av Direktoratet for naturforvaltning 5. oktober 1993 med heimel i lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet (viltloven) § 29, jf. kgl.res. av 2. april 1982 nr. 592.

I

Havre hjortejaktlag i Osterøy herad er eit lag der grunneigarane på alle bruk under gnr. 68, for 10 - ti - år frå 16. april 1993 har vorte samde om å slå saman sine rettar til jakt på hjort til eit hjortejaktområde med føremål å drive ei effektiv og rasjonell hjortejakt i området. Laget går inn for å verne om ei høveleg hjortestamme i området, tilpasse beskatninga av hjorten til det stamma til ei kvar tid tilseier, sjå etter at viltlova sine vilkår vert overhaldne og å arbeide for god jaktkultur og jegerskikk.

Vert ikkje denne avtala sagt opp skriftleg innan 1 - eit - år før tida er ute, gjeld ho framleis i så mange år som nevnt ovanfor.

II

Alle som eig eller rår over jaktrett til hjort, og som det fell naturleg å ta med i området, har rett til å vere med i laget.

III

Laget har til leiing eit styre på 3 medlemmer med varamenn. Styret er vedtaksført når alle 3 medlemmene, eller om naudsynt leiaren og 2 varamenn, er til stades.

Styret sine oppgåver er fylgjande:

a)Føre protokoll, forvalte laget sine eigneluter og føre rekneskap.
b)Kome med framlegg til årsmøtet om talet på hjort det kan vera høveleg å søke fellingsløyve for komande jaktbolk.
c)Syte for at hjortejaktområdet sin søknad om fellingsløyve for hjort vert sendt kommunen i rett tid, og å betale fellingsavgifta.
d)Sende melding til kommunen om resultatet av hjortejakta.
e)Melde frå til lensmannen om mogeleg uløyves jakt som måtte skje i området.
f)Syte for veging og deling av hjortekjøtet.
g)Freiste sette igong tiltak som til ei kvar tid måtte reknast som føremålstenleg for hjortestamma, også mogelege tiltak til avverging av hjorteskader.

IV

Om ordning av jakta og deling av utbytet/utgifter.

a)Kvart bruk kan berre ha ein jeger i samband med deling av bytet (ref. 4 g).
b)Fellingsavgifter delast mellom dei påmelde jegarane.
c)Styret i jaktlaget avgjer kva tid det skal nyttast felles jakt eller fri jakt.
d)Felles jakt.
1)Jegerdelen (1/2 dyret) delast likt mellom dei påmelde jegarane.
2)Grunneigardelen (1/2 dyret) delast etter skyld.
e)Fri jakt.
1)Jegerdelen (1/2 dyret).
-Av det skyttardelen = 1 år.
-Resten av jegerdelen delast likt mellom dei påmelde jegarane.
2)Grunneigardelen (1/2 dyret) delast etter skyld.
f)Grunneigardelen er 7 - sju - like delar i praksis, unnateke er 4. kvart dyr.
g)Grunneigardelen i 4. kvart dyr delast på 8, der eine delen går til bnr. 5. Dette bruket kan berre stille med jeger til same dyr.
h)Etter trekning har bnr. 5 rettar i dyr nr. 4.
i)Grunneigardelen delast etter bestemt mønster i 7 og 8 delar, som rullerer mellom grunneigarane.

V

Årsmøtet vert halde kvart år innan utgongen av året, og dei saker som vanlegvis skal handsamast er:

a)Styret si årsmelding og rekneskap i revidert stand.
b)Tilråding frå styret om bruken av mogleg overskot frå året før eller utlikning av underskot.
c)Val på formann og styremedlemmer med varamenn for 2 år og framover. Kvart år er eit medlem på val (første gong ved lutdraging).

Alle medlemmer plikter å ta ombod i laget, men attval kan nektast i like lang tid som vedkomande har stått i ombod.

På årsmøtet avgjerast sakene med vanleg fleirtal av dei som møter. Kvart bruk har stemme i høve til skylda.

Minst 5 - fem - medlemmer må møte.

Ved likt stemmetal gjer formannen si stemme utslaget.

Omframt årsmøte kan haldast når minst 4 - fire - medlemmer som rår over minst 1/4 av hjortejaktområdet sitt areal, kjem med ynskje om det til styret.

Innkalling til årsmøte og omframt årsmøte skal gjevast medlemmene skriftleg, minst 2 - to - veker før møtet skal haldast.

VI

Leier eller varaleiar pliktar laget med si underskrift, og fungerer som ansvarlege kontaktpersonar overfor kommunen.

VII

Usemje som måtte oppstå mellom laget og medlemmene eller mellom medlemmene innbyrdes i høve til desse vedtekter, skal avgjerast med bindande verknad av ei valdgiftsnemnd på 3 - tre - medlemmer, der kvar av partane peiker ut eit medlem og lensmannen oppnemner leiaren.

VIII

Framlegg til endringer av desse vedtekter må setjast opp på årsmøtet si sakslist og ha minst 2/3 fleirtal av dei møtande medlemmene. Minst 5 - fem - medlemmer må møte.

IX

Framlegg til oppløysing av laget må vera sett opp på årsmøtet si saksliste og vedtakast med minst 2/3 fleirtal av medlemmene.

Møter ikkje så mange, kan oppløysing av laget vedtakast med vanleg fleirtal på neste årsmøte.

Før laget vert oppløyst, må alle laget sine økonomiske plikter vere ordna.

Laget sine eigneluter fell attende til medlemmene i høve til storleiken av det arealet dei har i hjortejaktområdet.