Forskrift om vern av Årdalen naturreservat, Åmli og Bygland kommunar, Aust-Agder.

DatoFOR-1993-12-17-1280
PublisertAvd II 1994 Nr. 11
Ikrafttredelse17.12.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅmli og Bygland kommunar, Aust-Agder.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Årdalen naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 17. desember 1993. Fremmet av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit naturområde i Åmli og Bygland kommunar i Aust-Agder fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 17. desember 1993 med namnet Årdalen naturreservat.

II

Fredinga femner om følgjande gnr./bnr.: 6/1, 6/2, 6/4, 6/5 og 7/9 i Åmli kommune og 20/1, 24/1, 26/2, 31/2 og 31/6 i Bygland kommune.

Det freda arealet er på om lag 21,3 km², med 15,5 km² i Åmli kommune og 5,8 km² i Bygland kommune. Grensene for naturreservatet framgår av kart i målestokk 1:20.000, datert Miljøverndepartementet 1992.

Kartet og verneføresegner oppbevarast i Åmli og Bygland kommunar, hos Fylkesmannen i Aust-Agder, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkjast av i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit større samanhengjande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep, og med ein variert natur som samla er representativ for midtre delar av fylket.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, herunder daude buskar og tre, er freda mot skade og øydeleggjing.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje innførast.

Dyre- og fuglelivet, herunder reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydeleggjing.

2.Det må ikkje setjast iverk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar og andre faste innretningar, framføring av luftleidningar, vegbyggjing, bergverksdrift, vassdragsregulering, drenering og anna form for tørrleggjing, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel.

Opplistinga er ikkje fullstendig.

3.Motorisert ferdsel til lands og til vanns er forbode.
4.Det må ikkje merkast opp turistløyper i reservatet.

V

Bestemmelsene i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsøyemed.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Utnytting av området til sauebeite.
4.Bruk og vedlikehald av eksisterende setrer med setervollar i samband med seterdrift. Naudsynt vedhogst til bruk ved desse setrene kan skje etter nærare retningslinjer frå forvaltningsstyresmakta.

5. Jakt og fiske

VI

Forvaltningsstyresmakta kan tillate:

1.Motorferdsel på vinterføre i samband med tiltak nemnd under kap. V, pkt. 3 og 4.
2.Mindre ombyggjing av eksisterande setrer når dette er naudsynt for fortsatt bruk i medhald av kap. V, pkt. 4.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan utføre forvaltningstiltak for å fremje føremålet med fredninga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningslinjer for utføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med fredninga krev dette, samt for vitskaplege granskingar, arbeider av særleg samfunnsmessig verdi og i særskilte høve, dersom dette ikkje strir med føremålet for fredninga.

IX

Forvaltninga av fredningsvedtaka vert lagt til Fylkesmannen i Aust-Agder.

X

Desse føresegnene trer i kraft straks.