Forskrift om ferdselsregulering i Sjoa, Sel kommune, Oppland.

DatoFOR-1995-04-06-1204
PublisertII 1996 277
Ikrafttredelse02.06.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forSel kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1957-06-28-16-§15
Kunngjort
KorttittelForskrift om ferdselsregulering i Sjoa, Sel

Kapitteloversikt:

Fastsett av Sel kommunestyre 6. april 1995 med heimel i lov av 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet § 15.

I

Flåter, kajakker, kanoer og andre farkoster som skal nyttast til ferdsel på Sjoa skal berre settast uti eller takast opp att frå elva innafor dei områda som er regulert til elvesport i kommunedelplanen.

All ferdsel i vassdraget skal skje på dagtid. I tidsrommet frå kl. 20.00 om kvelden til kl. 09.00 om morgonen er det ikkje tillete å setje ut eller ta iland farkostar frå vassdraget. Vassdragsavsnitt som ligg til Riksanlegget for elvepadling er ikkje omfatta av tidsavgrensinga.

Denne regelen gjeld alle som skal ferdast på Sjoa innafor Sel kommune sine grenser.

Likevel kan det mellom dei regulerte områda skje utsetting/opptaking av farkostar ved ulykker eller i krisesituasjonar. Ferdselsreguleringa er heller ikkje til hinder for at det undervegs kan skje synfaring av vassdraget på land, som er viktig for tryggleiken til dei som driv elvesport. Vidare skal fast busette som har strandline til Sjoa kunne sette ut farkostar i vassdraget frå eige eigedom.

II

Forskrifta trer i kraft 2. juni 1996.