Forskrift om høve til landing og start med helikopter på Osen ved Åsetevatnet, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1995-09-13-813
PublisertAvd II 1995 299
Ikrafttredelse01.11.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort
KorttittelForskr. landing og start med helikopter, Luster

Kapitteloversikt:

Fastsett av Luster kommunestyre 13. september 1995 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5 litra a.

I

§ 1.Det vert høve til å landa med helikopter på Osen ved Åsetevatnet i Luster kommune.
§ 2.Bruk av plassen er avgrensa til å gjelda transport av varer og personar til hyttene og seterhusa i området. Plassen skal ikkje nyttast til transport i samband med helikopterskiing, for kortvarig opphald, som utgangspunkt for dagsturer eller til liknande formål, jf. forskrift om forbod mot helikopterskiing fastsatt av Miljøverndepartementet den 14. mars 1988 nr. 225.
§ 3.Transportøren skal innan 1. juni kvart år gje melding til kommunen om tal turar og tidspunkt for desse.

II

Forskrifta trer i kraft frå 1. november 1995.