Forskrift om høve til å krevje avgift for bruk av område opparbeid for friluftsliv i Sel kommune, Oppland.

DatoFOR-1995-11-13-1207
PublisertII 1996 282
Ikrafttredelse13.11.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forSel kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1957-06-28-16-§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om friluftsavgift, Sel

Fastsett av Sel kommunestyre 13. november 1995 med heimel i lov av 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet § 14, med forhåndsgodkjenning av Miljøverndepartementet 27. juni 1995.

1.Føremål

Denne forskrifta skal regulere høve til å krevje avgift for bruk av område opparbeidd for friluftsliv.

2.Verkeområde

Forskrifta gjeld i Sel kommune.

3.Høve til å krevje avgift
a.Ingen kan krevje avgift for bruk av friluftsområde utan at løyve er gjeve av Sel kommunestyre.
b.Avgift kan berre krevjast for bruk av område der det er gjort ei faktisk tilrettelegging for friluftslivet, og der det er dokumentert eit behov for tiltak.
c.Avgifta kan berre krevjast inn av den som står som eigar av eller tek på seg driftsansvar for det anlegget det vert kravd avgift for.
4.Avgiftsnivå

Avgiftsnivået skal bli fastsett med bakgrunn i følgjande kriterium:

a.Årlege drifts- og kapitalkostnader for dei tilretteleggingstiltak som er utført. Offentlege tilskot skal trekkast frå ved fastsetting av grunnlag for utrekning av kapitalkostnadene. Når kommunen står som eigar av anlegg kan kommunen sin eigendel i anlegget likevel reknast med i grunnlaget for fastsetting av kapitalkostnader.
b.Behovet for tilrettelegging til fordel for friluftslivet, herunder å ta vare på natur- og kulturlandskapsverdiar.
5.Avgiftsform

Kommunestyret kan gje reglar om at avgifta skal gjelde for einskilde personar, bedrifter eller andre organiserte brukargrupper. Kommunestyret kan gje reglar om at avgift skal kunne krevjast for ulike tidsrom t.d. dag, veke, sesong.

6.Saksbehandling
a.Kommunen skal innhente innspel frå gjeldande brukarinteresser.
b.Etter førebuande vedtak i formannskapet vert forslag til avgiftsordning sendt på høyring til gjeldande partar og lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsperioda skal vere minimum 30 dagar.
c.Etter høyringsperioda kan avgiftsordninga bli teke opp til behandling i kommunestyret.
d.Innkomne innspel og høyringsutaler skal refererast i saksfremstillinga.
e.Vedtak om enkelte avgiftsordningar vert gjort som eigne forskrifter.
7.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.