Forskrift om bruk av motorfarty på Hafslovatnet, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1995-11-29-997
PublisertII 1995 375
Ikrafttredelse01.05.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorfarty på Hafslovatnet, Luster

Kapitteloversikt:

Fastsett av Luster kommunestyre 29. november 1995 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4, tredje ledd.

I

§ 1.Forskrifta gjeld for Hafslovatnet med unntak av området mellom Straumbrua og Sogebrua der motorferdsel er forbode i følgje vernereglane for Hafslovatnet fuglefredningsområde.
§ 2.Det er tillatt å bruka båt med motor under 8 hk.
§ 3.Reglane i § 2 er ikkje til hinder for transport til formål som er rekna opp i § 4 i lov om motorferdsel i utmark. Innafor fuglefredningsområdet gjeld i tillegg vernereglane.
§ 4.Ved særlege grunner kan kommunestyret - eller anna folkevalgt organ som kommunestyret bestemmer - etter skriftleg søknad gi løyve til motorferdsel utover § 2 for områder som ligg utanfor grensa for Hafslovatnet fuglefredningsområde. For områder som ligg innafor grensa er denne mynde lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane, jfr. vernereglane.

II

Forskrifta trer i kraft 1. mai 1996.