Forskrift om vern av Fedjemyrane landskapsvernområde med tilhøyrande fuglelivsfreding, Fedje kommune, Hordaland.

DatoFOR-1995-12-15-1051
PublisertII 1995 447
Ikrafttredelse15.12.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forFedje kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§7, LOV-1970-06-19-63-§14, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om landskapsvernområde, Fedje

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 1995 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5, jfr. § 6, § 7 og § 14 annet ledd og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 5, jfr. §§ 6,7 og 14, 2. ledd, og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde på Fedje i Fedje kommune, Hordaland fylke verna som landskapsvernområde med tilhøyrande fuglelivsfreding ved kgl. res. av 15. desember 1995 under namnet «Fedjemyrane landskapsvernområde med fuglelivsfredning».

II

Det verna området femnar om følgjande gnr./bnr.: 168/11, 168/99, 168/100, 172/2, 172/43, 172/45, 172/46, 172/47, 172/48, 172/49, 172/50, 172/51, 172/52, 172/53, 172/54, 172/55, 172/65, 172/66, 172/67, 172/68, 172/69, 172/70, 172/71, 172/72, 172/73, 172/74, 172/76, 172/88, 172/89, 172/90, 172/135, 172/136, 172/137, 172/182.

Landskapsvernområdet dekkjer eit areal på omlag 835 dekar, der 721 dekar er landareal.

Grensene for landskapsvernområdet er vist på kart i målestokk 1:5000, datert Miljøverndepartementet november 1995. Kartet og verneforskrifta er arkiverte i Fedje kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet er å verne eit nokså urørt våtmarksområde med både landskapsmessige og kulturhistoriske kvalitetar, med hekkefunksjon for fleire sjeldne fugleartar og som ligg i trekkruta langs Vestlandskysten.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Det må ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller innverka på landskapet sin art eller karakter som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetting av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
2.Fuglelivet, herunder fuglane sine reir og egg, er verna mot all skade, øydelegging og unødig forstyrring.
3.Jakt, fangst, bruk av skytevåpen samt slipp av hund er forbode.
4.Camping, oppsetting av telt og kamuflasjeinnretningar er forbode.
5.Motorisert ferdsel på land og vatn og lågtflyging under 300 m er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Brettsegling er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd.
2.Drift av eksisterande fulldyrka og overflatedyrka areal, herunder gjødsling og vedlikehald av gjerder i samsvar med nåverande bruk.
3.Vedlikehald av grøfteavløp som er lagt ned tidlegare, og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksarealer, etter at forvaltningsstyresmakta er varsla.
4.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnt i pkt. 1-3.
5.Sanking av bær og matsopp.
6.Beite som på vernetidspunktet, samt naudsynt bruk av gjetarhund.
7.Fiske.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Legging av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vatningsanlegg, setje opp gjerde m.m.
5.Rydding av vegetasjon m.m. i samsvar med godkjent skjøtselsplan, eller når føremålet med vernet krev det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå verneforskrifta når føremålet med vernet tilseier det, for vitskaplege granskingar og arbeid som er av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med vernet.

IX

Forvaltninga av verneforskrifta er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.