Forskrift om fredning av Tjeldstø naturreservat, Øygarden kommune, Hordaland.

DatoFOR-1995-12-15-1052
PublisertII 1995 449
Ikrafttredelse15.12.1995
Sist endretFOR-2009-11-13-1909
Endrer
Gjelder forØygarden kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Øygarden

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 1995 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 13 nov 2009 nr, 1909.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8 jfr. § 10, og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde ved Tjeldstø i Øygarden kommune, Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl. res. av 15. desember 1995 under namnet «Tjeldstø naturreservat».

II

Det freda området femnar om følgjande gnr./bnr.: 52/3, 52/4, 52/6, 52/7, 52/8, 52/10, 52/11, 52/12, 52/13, 52/14,21, 52/15, 52/16, 52/17, 52/18, 52/20.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 1057 dekar, der 807 dekar er landareal.

Grensene for reservatet er vist på kart i målestokk 1:5 000, datert Direktoratet for naturforvaltning november 2009. Kartet og fredningsforskrifta er arkiverte i Øygarden kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka der dei går over land og knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 13 nov 2009 nr. 1909.

III

Føremålet er å frede eit større våtmarks- og lyngheiområde med både trekk, hekke- og vinterfunksjon for våtmarksfugl, foruten både kulturhistoriske og landskapsmessige verdier.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Dyre- og fuglelivet, herunder reirplassar og hiområde er verna mot skade og øydelegging. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band.

Utsettjing av vilt er forbode.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturlege tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetting av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for turrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Camping, teltslåing og oppsetting av kamuflasjeinnretningar er forbode.
5.Motorisert ferdsel på land og vatn og lågtflyging under 300 m er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Brettsegling er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd.
2.Drift av eksisterande fulldyrka og overflatedyrka areal, og vedlikehald av gjerde i samsvar med noverande bruk.
3.Hogst og uttak av eksisterande furuplanting i tida f.o.m. 1. november til 1. mars.
4.Restaurering og vedlikehald av gamle torvhus, steingardar og andre faste kulturminne.
5.Vedlikehald av grøfteavlaup som er lagt ned tidlegare, og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksarealer, etter at forvaltningsstyresmakta er varsla.
6.Vedlikehald av eksisterande kraftliner.
7.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnt i pkt. 1-6.
8.Beite som på vernetidspunktet, samt naudsynt bruk av gjetarhund.
9.Utnytting av lyngheiene til beite for sau. Med dette meinast m.a. hogst og rydding av furu og einer, og brenning av lyng i det omfang som er naudsynt for å halde lyngheiene i hevd til sauebeite.
10.Sanking av bær og matsopp.
11.Fiske.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Legging av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Bygging av pumpehus, legging av leidninger for vatningsanlegg, setje opp gjerde m.m.
5.Rydding av vegetasjon m.m. i samsvar med godkjent forvaltningsplan, eller når føremålet med vernet krev det.
6.Innafor lyngheiområdet, kan forvaltningsstyresmakta i tillegg gje løyve til opparbeiding av spreidde areal fastmark til kulturbeite ved jordfresing, gjødsling og tilsåing, og drift av desse ved gjødsling, bruk av plantevernmidlar og vedlikehald av gjerde m.m. Planar for dette, medrekna kva husdyrartar som skal nytte beite, skal leggast fram for forvaltningsstyresmakta og godkjennast av denne.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med fredninga. Det skal utarbeidast forvaltningsplan for som m.a. kan gje retningsliner for lyngbrenning, restaurering og vedlikehald av gamle torvhus og steingardar m.m. Planen skal godkjennast av Fylkeskonservatoren og forvaltningsstyresmakta.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredningsforskrifta når føremålet med fredninga tilseier det, for vitskaplege granskingar og arbeid som er av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med fredninga.

IX

Forvaltninga av fredningsforskrifta er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.